Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tidleg hjelp skal førebygge reinnlegging

– Med tidleg støtte i heimen, kan pasienten oppretthalde sin funksjon og mestre sin kvardag i eigen heim. Dette kan førebygge behov for økt helsehjelp og sjukehusinnleggelsar seinare, seier spesialfysioterapeut Ingrid Granøien, som er ein av dei tilsette i eit tverrfagleg prosjekt for å gi eit meir heilhetlig helsetilbod for eldre pasientar.

Publisert 06.03.2023
Sist oppdatert 02.05.2023
Fire tilsette som har vore involvert i utviklinga av PSHT i Ålesund.

Fleire av dei involverte frå utviklinga av PSHT i Ålesund Frå venstre: Siri Nesseth Tørlen, Ingrid Granøien, Tonje Moldskred, Siw Hessen.


Pasientsentrert helsetjenesteteam (PSHT) er eit tverrfageleg tilbod mellom spesialisthelsetenesta og kommunane for å gi eldre med samansette og kroniske lidingar eit betre, raskare og meir omfattande helsetilbod. Ein grunnstein i prosjektet er pasienten sine eigne ønskjer og målsettingar. Teamet i Ålesund består av spesialfysioterapeut Ingrid Granøien, geriater Siw Hessen, sjukepleiar Siri Nesseth Tørlen og sjukepleiar Tonje Moldskred frå Ålesund kommune.

– Dette er eit pasientsentrert proaktivt tilbod der spørsmålet «kva er viktig for deg» er sentralt. Prosjektet kan forhindre reinnleggingar, akuttinnleggingar og fall i funksjon hos pasientar, seier Ingrid Granøien. 

Kva pasientane sjølv ønskjer ein kjerne i ordninga. Sjukepleiar Siri Nesseth Tørlen seier,
– Pasientane eg møte har vært takknemlig for ein tilpassa oppfølging som tar i betraktning korleis dei ønskjer å bli behandla og leve. Ho legg til at hyppige reinnleggingar på sjukehus kan være belastande for pasientar. 

På tvers av etatane

Sidan mars 2022 har prosjektet vore under utvikling mellom Ålesund kommune og Ålesund sjukehus, med PSHT som eit bindeledd er eit mål for prosjektet å styrke samarbeidet mellom sjukehus og kommunen sine helsetenester. Prosjektet er sterkt forankra i leiinga, fagavdelinga og innovasjonsrådgjevarar i begge etatane.

– PSHT kan gi ein auka støtte i heimen med høgare fagkompetanse på tvers av dei ulike etatane. Eit slik tverretatleg samarbeid kan bidra til økt funksjon og meistring i eigen heim, og er eit supplement til den eksisterande tenesten, seier sjukepleiar Tonje Moldskred.

Prosjektet har røter frå Universitetssykehuset Nord-Norge i samarbeid med Tromsø kommune. Sidan oppstart har prosjektet vore gjennomført i ein rekkje kommunar med gode resultatar, i 2017 vann prosjektet samhandlingsprisen.

– Prosjektet har gode føresetnadar og resultata hittil er gode. PSHT gir eit meir heilhetlig helsetilbod for eldre pasientar, seier Ingrid Granøien. Ho legg og til at dette kan la eldre bu heime lenger, som er noko pasienten ofte ønskjer sjølv.
​​​​​​​
Stortinget og helsedepartementet har bede om ein meir berekraftig helseteneste og sektoren står ovanfor fleire utfordingar. I årets sjukehustale poengterte Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol fleire av desse utfordringane, samtidig peiker ho på pasientsentrert helsetjenesteteam som eit mogleg hjelpemiddel for å møte dagens og framtidas utfordringar innan helsetenesten.


Fleire ​gevinstar

PSHT gir fleire gevinstar for pasientane. Betre samhandling mellom kommune og sjukehus, raskare behandling, færre akuttinnleggingar og auka overleving er nokon av dei positive effektane som blir understreka. PSHT har også fleire fordelar, mellom anna frir prosjektet opp tid og ressursar for personale i dei ulike helsetenestene ettersom den reduserer behovet for akutt helsehjelp. Prosjektet reduserer også kostnader som følgje av innlegging på sjukehus og økt behov for helsetenester i kommunen. Dette gir helsetenestane ein moglegheit til å arbeide meir berekraftig og møte framtidas utfordringar.

Pasientsentrert helsetjenesteteam følgjer opp eldre pasientar etter dei utskrivast frå sjukehus, eller til dømes etter tilvising frå fastlege, saksbehandlar eller heimetenesten. PSHT følgjer så opp pasienten for vurdering i heimen saman med heimetenesten. Her kartleggast pasientens behov og mål, og tiltak blir sett i verk for å følgje opp pasienten. Målet er å raskt få satt i gang tilpassa tiltak som går i samsvar med det pasienten sjølv ønskjer.