Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilrår kun nødvendige besøk ved sjukehusa

Helse Møre og Romsdal senkar beredskapen ved sjukehusa i fylket, men opprettheld tilrådinga om å unngå besøk som ikkje er heilt nødvendige.

Publisert 16.01.2023

​Mykje tyder på at smittesituasjonen for luftveissjukdomar flatar ut ved sjukehusa i fylket. Helse Møre og Romsdal har difor senka beredskapen, men ein er usikker på korleis situasjonen vil utvikle seg framover.
- Vi følger situasjonen tett, og vi må unngå å få ein ny topp sidan sjukehusa allereie har høgt belegg. Vi ber difor om at besøkande i størst mogleg grad avgrensar besøk som ikkje er nødvendige, seier fagdirektør Erik Solligård.

Solligård utdjupar at mange besøkande ved avdelingane kan auke risikoen for ytterlegare smitte. Vi går også inn i ei tid med auka mage-tarm virus i befolkninga. Besøkande bør difor avtale besøk med avdelinga på førehand.