Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Går tilbake på kutt i psykisk helsevern

- Psykisk helsevern er eit viktig og prioritert satsingsområde. Eg har derfor bedt klinikken om å sjå på korleis dei kan løyse budsjettet utan å kutte faste stillingar, seier adm.dir Øyvind Bakke.

Publisert 30.01.2023

​I forslaget til budsjett 2023 har Klinikk for psykisk helse og rus lagt fram tiltak for å kutte 9 mnok. Forslaget har vakt sterke reaksjonar, og adm.dir Øyvind Bakke har no bedt klinikken om å sjå på andre moglegheitar utan å kutte faste stillingar internt i helseføretaket. 

- Klinikken har gått gjennom sine forpliktelser på kjøp av helsetenester utanfor helseføretaket. Dette er i tråd med regjeringa sine styringssignal, der mellom anna ordninga med fritt behandlingsval ikkje blir vidareført, seier Bakke.

Midlane vil no bli overført til klinikken, slik at klinikken ikkje treng å kjøpe tenester utanfor helseføretaket. 

- Dette betyr at vi i likheit med fjoråret har skjerma Klinikk for psykisk helse og rus for krav om effektivisering, seier Bakke.