Stengninga av døgntilbodet til barn i Kristiansund vil halde fram inntil vidare
Publisert 09.10.2024
Sist oppdatert 13.12.2024
Dagtilbod i Kristiansund - innlegging i Ålesund
Klinikk Ålesund har det faglege ansvaret for det somatiske spesialisthelsetilbodet til barn og unge i Helse Møre og Romsdal.
Barneavdelinga i Kristiansund har dagtilbod fra 08 til 15 på kvardager, der dei kan ta imot augeblikkeleg hjelp og gjere vurderingar, samt drive poliklinikk og dagbehandling.
Barn som treng innlegging i perioden, vil bli sendt til Ålesund sjukehus.
Kontakt ved behov for innlegging
- Fastlege/legevaktslege som vil legge inn ein pasient på barnemedisinsk avdeling skal som vanleg ta kontakt med AMK, som vidare kontaktar vakthavande lege ved aktuell avdeling.
- Kva sjukehus barnet/ungdommen leggast inn ved, vil avhenge både av kapasitet og behov for behandling.
- HMR har gode rutinar i alle sjukehusa våre for å handtere akutt sjuke barn.
- Vi har trygge rutinar ved stengt barneavdeling i Kristiansund, då avdelinga årleg har stengingsperiodar i ferie- og høgtider.
Bakgrunn
Avdelinga har sidan 8. mai 2024 vore stengt på grunn av mangel på personell.
Det er no sett i gang ei utgreiing av barnetilbodet ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Døgntilbodet til barn i Kristiansund vil vere stengt til avklaring av dette.