Investerer i Volda sjukehus - Opna ny MR denne veka
Den nye MR-maskina vil bidra til raskare undersøkingar med høgare kvalitet i Volda.
– MR-maskina er topp utstyrt som gjer at vi kan utvikle MR-tilbodet i Volda og gi undersøkingar både raskare og med høgare kvalitet enn før. Det sa ein tydeleg fornøgd klinikksjef, Per-Erik Tødenes, under opninga av ny MR ved Volda sjukehus onsdag.
Positivt for rekruttering
I tillegg til å styrke pasienttilbodet ser klinikksjefen at investeringa også vil styrke rekrutteringa ved Volda sjukehus.
– Volda er allereie svært dyktige på å rekruttere og behalde fagfolk. Når vi også har topp moderne utstyr styrkar vi dette ytterlegare. Moderne utstyr i kombinasjon med motiverte og kompetente fagpersonar gir oss framifrå diagnostikk, seier Tødenes som rosar dei tilsette i talen sin. Han takkar også alle som har bidrege til å realisere prosjektet som er levert både på tid, budsjett og eit flott resultat.
Eit viktig sjukehus i Møre og Romsdal
Dei nye lokala og MR-maskinen er ein del av ein større investering i Volda sjukehus. 2022 stod ny-bygget til Volda sjukehus klart med 600 kvm som inneheld nytt akuttmottak, poliklinikk og dagbehandling.
– Vi har investert over 100 millionar kroner over ein 3-årsperiode i Volda. Sjukehuset er – og vil vere eit viktig sjukehus i Møre og Romsdal, sa adm. dir Olav Lødemel i sin tale opningsdagen.