Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mangel på spesialistar vil truleg få konsekvensar for brystkreftkirurgien i Møre og Romsdal

- Vi er i dialog med St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge for å legge ein langsiktig plan for desse pasientane, seier fagdirektør Erik Solligård i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 10.09.2024
En bygning under oppføring

Sidan før sommaren har fleire sentrale tilsette i fagmiljøet som jobbar med brystkreftkirurgi, valgt å slutte i Helse Møre og Romsdal. Dette vil få konsekvensar for brystkreftpasientane som har behov for kirurgisk kompetanse.

– Dette er ein situasjon vi helst ikkje ville vore i. Men faktum er at vi frå starten av desember manglar spesialistar innan endokrinkirurgi, seier fagdirektør Erik Solligård.

Helseføretaket er i dialog med St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge for å legge ein plan.

– Vi ser på fleire alternativ og vil komme tilbake med meir informasjon når planen er klar, seier Solligård.

Solligård understreker at pasientane enn så lenge vil bli behandla ved sjukehuset i Ålesund, men vil ikkje utelukke at pasientane kan bli sendt til St. Olavs hospital frå desember av.

– Dette er som sagt ein lei situasjon, og fram til i vår låg alt til rette med mange legar i spesialisering innan fagfeltet. No har dette dessverre endra seg, men vi håper og trur vi får rekruttert spesialistar på lengre sikt, seier Solligård.

Mammomgrafiscreeningen, som gjerast ved sjukehuset i Ålesund og Molde, går som planlagt.