Meld deg på her
Velkommen til open dag ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset
29.september inviterer vi befolkninga på Nordmøre og i Romsdal til open dag på Hjelset.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset nærmar seg ferdig og vi ønskjer derfor å vise fram det nye somatikkbygget som skal ha full drift frå mai 2025, samd psykiatri- og habiliteringsbygget som skal takast i bruk i oktober 2024.
Valfritt tidspunkt
Under open dag vil tilsette i prosjektet og i Helse Møre og Romsdal vere guidar og stå for omvisinga. For å sikre ei god omvising tilbyr vi oppmøte på ulike tidspunkt på dagen og du kan velje om du vil ha omvising på somatikkbygget og/eller psykiatri- og habiliteringsbygget. Det er viktig at du gir oss beskjed om vi treng å ta spesielle omsyn til dømes om du er svaksynt, eller rullestolbrukar.
Barn kan vere med på omvisinga, men må ha følje med ein vaksen slik at sikkerheita blir ivaretatt på ein god måte.
Etter påmelding, vil du få ein e-post med stadfesting av di påmelding, samt meir informasjon om omvisinga.