Intensiverer arbeidet med innflyttinga på SNR Hjelset
– Frå neste veke vil eit stort antall av fagfolka våre bli drilla i ulike akuttøvingar på SNR Hjelset. Dermed må nokre av pasientane våre pårekne noko lenger ventetid, seier klinikksjef Britt Rakvåg Roald.

Klinikksjefen understreker at all augeblikkeleg hjelp blir handtert som normalt.
– Og alle pasientar som av medisinske grunnar treng time fort, vil sjølvsagt få time fort, seier Rakvåg Roald.
Akuttøvingar i tre veker
Det nye akuttsjukehuset på Hjelset blir offisielt opna 2. juni. Før det skal alle funksjonar innan somatikken, som nå held til på Molde sjukehus, flytte over i nytt bygg. Døgnfunksjonar frå Kristiansund sjukehus skal også flyttast til Hjelset.
23. april flyttast alle akuttfunksjonar frå dei to sjukehusa til Hjelset. Nokre fagområde, som mikrobiologen, har allereie flytta inn på det nye sjukehuset.
– Frå og med veke 9 byrjar vi med øvingene på dei ulike akuttsituasjonane på Hjelset. I desse øvingane inngår alle legegrupper, i tillegg til personell frå akuttmottak, anestesi, intensiv, operasjon og føden. Denne øvingsperioda varer til og med veke 11, seier Rakvåg Roald.
Det er spesielt i denne perioden med akuttøvinger at kapasiteten vil bli noko redusert, og då spesielt for planlagte operasjonar. Men i heile perioden fram til 1. mai vil sjukehusa periodevis ha lågare aktivitet grunna flytteaktivitet, ifølge klinikksjefen.
Pasientane det gjeld, vil bli varsla
Pasientane kan då oppleve å få melding om at timen blir utsatt. Om dette skjer vil dei bli varsla i god tid. Samstundes er det viktig å understreke at om ikkje anna melding er gitt, så gjeld dei timeavtalane ein har fått - både for poliklinikk og innleggingar, seier Rakvåg Roald som gler seg veldig til å flytte inn i nytt sjukehus.
– Vi går altså inn i ein intens opplærings- og flytteperiode no. Samstundes ser eg veldig fram til å få alle funksjonane samla i det nye sjukehuset, som legg opp til meir effektiv drift enn det vi har i dag. Eg er sikker på at det blir eit stort løft for heile befolkninga i Nordmøre og Romsdal.