Kronprinsen kjem til opninga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
H.K.H. Kronprins Haakon skal stå for den offisielle opninga av det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal 2. juni 2025

Foto: Dusan Reljin / Det kongelige hoff
- Det er ei stor ære for oss at Kronprinsen ynskjer å kome til opninga av nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Det norske kongehuset har eit sterkt engasjement for utviklinga av helse- og sjukehustilbodet i Norge og derfor er det særs gledeleg at Kronprinsen tek turen til oss, seier Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
Framtidsretta sjukehustilbod
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir eit moderne sjukehus som skal sikre innbyggarane betre kvalitet i behandlinga, auka pasienttryggleik, utvida opningstider og kortare ventetider. Det nye fellessjukehuset består av eit nytt akuttsjukehus på Hjelset, inkludert psykiatri- og habiliteringstenester, samt eit godt dagtilbod i Kristiansund med polikliniske tenester, dagbehandling og dagkirurgi.
Grunnsteinen for det nye sjukehuset blei lagt ned 19. juni 2021. I oktober 2024 flytta pasientar og tilsette inn i nytt psykiatri- og habiliteringsbygg, og frå februar 2025 er det ein trinnvis ibruktaking av det somatiske bygget. Det skal vere full drift på Hjelset i mai 2025.
Endeleg program for opningsmarkeringa kjem seinare