Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Markerte opninga av Vardesenteret Møre og Romsdal

Tysdag 7. januar vart opninga av det splitter nye Vardesenteret Møre og Romsdal markert. Vardesenteret, som ligg i nærleiken av kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus, skal vere ein varm og trygg møteplass for dei som er råka av kreft og representerer eit viktig steg for kreftomsorga i Møre og Romsdal.

Publisert 08.01.2025
Sist oppdatert 27.01.2025
Et par menn som holder papirer
fv: Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, og regionleiar i Kreftforeningen, Tom Anders Stenbro klippar snora.

 

En gruppe mennesker som sitter ved et bord
Nokre av deltakarane under markeringa

Gjestane vart ønska velkomne av regionleiar i Kreftforeningen, Tom Anders Stenbro. Deretter vart stemninga satt med eit musikalsk innslag frå artisten Rikke Lie, før klinikksjef Siri Talseth-Frilund og tidligare klinikksjef Jorun Bøyum delte historia om vegen til det splitter nye Vardesenteret og milepælane som vart nådde undervegs.

– Helseføretak og Kreftforeningen har eit samfunnsansvar og eit samfunnsperspektiv. Vi skal skape rørsle, mellom anna ved å hjelpe menneske til å meistre kvardagen sin. Her på Vardesenteret er det mykje kompetanse for å få dette til, sa tidlegare klinikksjef Jorun Bøyum, som lenge har jobba for å få på plass Vardesenteret.

En person som snakker inn i en mikrofon
Tidligare Klinikksjef, Jorun Bøyum

Deretter klipte administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, og regionleiar i Kreftforeningen, Tom Anders Stenbro, snora til applaus frå dei frammøtte. I sin tale understreka Lødemel viktigheita av Vardesenteret som eit trygt samlingspunkt.

 

– Det er ei stor ære for meg å få vere her i dag og markere opninga av Vardesenteret Møre og Romsdal. Dette skal vere ein viktig møteplass for kreftpasientar, pårørande og etterlatne – og vi ser fram til å sjå korleis Vardesenteret vil gjere ein forskjell i liva til mange menneske i vår region. Eg vil rette ein stor takk til Kreftforeningen, og deira folk og frivillige som har stått på for denne saka – Vardesenteret blir ein kompetansearena både for oss i spesialisthelsetenesta, men ikkje minst ut mot vår viktigaste samarbeidspartnar; kommunane, sa Lødemel og takka spesielt Sparebanken Møre for deira rolle i å finansiere Vardesenteret. 

En mann som snakker inn i en mikrofon
Adminsirerande direktør, Olav Lødemel

Spesialrådgivar i Kreftforeningen, Ine Jomaas, som har det overordna ansvaret for heile Vardesenter-satsinga, heldt også tale. Ho framheva betydninga av Vardesenteret og uttrykte si takksemd til dei mange aktørane og enkeltpersonane som har vore avgjerande for å realisere prosjektet. 

Under markeringa heldt også Trond Nydal, administrerande direktør i Sparebanken Møre, Runar Paulsen, styreleiar i Foreningen Sykehuset Vårt, Håkon Lykkebø Strand, ordførar i Ålesund kommune. samt representantar frå Brystkreftforeningen Ålesund og omegn, innlegg. Fleire av talane understreka at Vardesenteret vil bli eit viktig tilbod for heile regionen. 

Jo-Åsmund Lund, som har vore prosjektleiar for Vardesenteret, orienterte om tilbod ein ønskjer inn i senteret, som forsking og seineffektpoliklinikk. seineffektpoliklinikken vil være eit tilbod for pasientar som opplever alvorlege biverknader etter kreftbehandling.

En mann som holder en mikrofon
Prosjektleiar og onklog, Jo-Åsmund Lund

Senterkoordinator, Heidi Myhre Engelkor fortalde om framtida til Vardesenteret og dei ulike aktivitetane og tilboda som er og skal bli tilgjengelege. Råd og tips frå farmasøyt, klinisk ernæringsfysiolog, NAV-rettleiar og advokat var noko av det som blei nemnt. 

– Men kanskje det aller viktigaste er at dette senteret er ein stad der ein kan møte frivillige og folk som har tid. (...) Du kan komme med bekymringane dine hit. Vi har tid til å lytte og gi råd om kor du bør gå vidare, sa Engelkor. 

En kvinne som står på et podium
Senterkoordinator, Heidi Myhre Engelkor

Markeringa vart avrunda med omvisning slik at gjestane kunne bli betre kjent med Vardesenteret.

Du kan lese meir om Vardesenteret ved å klikke her.