Sparar verdifull tid med digital timebestilling i HelsaMi
I ti år har Ålesund sjukehus hatt treningstilbud for kreftpasientar ved Pusterommet i Ålesund. Etter at Helseplattformen ble innført har Kreftavdelinga spart mykje tid ved å tilby timebestilling digitalt.

Gode tilbakemeldingar frå pasientane
- Pasientane våre har gitt oss gode tilbakemeldinger på at dei no kan bestille og avbestille timar sjølv, digitalt via HelsaMi-appen, fortel Sofie Hammernes Strømme ved Ålesund sjukehus.
Ho er fysioterapeut ved kreftavdelinga, og ein av dei som er ansvarlege for det populære treningstilbodet. Her tilbyr ein fysisk aktivitet tilpassa den enkelte pasient, både før, under og etter behandling. Sofie har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft, og har både gruppetreningar og individuelle treningsopplegg.
Lettar det administrative arbeidet
Mange av pasientane er fortsatt i behandling, og det er ikkje alltid det passar å kome til ein time. Dagsforma varierer, og det er behov for fleksibilitet.
Difor har det vore kjærkomment, både for tilsette og pasientar, at timane no blir administrert digitalt.
- Før brukte vi ganske mange timer på kvar pasient, fordi vi måtte registrere bookingar og avbestiller manuelt i eigne lister, og så måtte vi ringe eller sende melding til pasienten og finne ut når det kunne passe med ein ny time.
Det seier Marit Oline Molnes, medisinsk sekretær ved Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus.
- No har vi fått frigjort mykje tid til å gjere andre ting, og pasientane kan administrere treningstimane sjølv, når det passar for dei, seier Molnes.

Sidan dei starta med det nye systemet har dei hatt 525 fullførte timeavtaler på Pusterommet, alle bestilt via HelsaMi. (Tall fra mars 2025)
St. Olavs hospital har hatt over 2000 fullførte timeavtalar siden dei innførte Helseplattformen i november 2022.
Ålesund sjukehus har hatt 525 fullførte timeavtalar siden de startet med digital timebestilling hausten 2024.
Ved Kristiansund sjukehus er dei allerede oppe i 504 fullførte timeavtalar sidan dei starta opp på nyåret i 2025.
Smidig utvikling og gjenbruk av samme løysing
Snart blir det også eit Pusterom på det nye sykehuset på Hjelset. Da vil erfaringane fra dei andre sjukehusa som bruker Helseplattformen vere gull verdt, og det vil gi ein smidig videreutvikling av den same funksjonaliteten.
- Det har jo blitt ei veldig stor forandring for oss som jobbar på sjukehuset, og dette har letta det administrative arbeidet for oss på avdelinga, fortell Ingunn Istad Erstad.

Som kreftsjukepleiar og assisterande seksjonsleiar ved poliklinikk kreft er ho mykje i kontakt med pasientane som nyttar seg av treningstilbodet på Pusterommet.
- Det er godt å kunne konsentrere seg meir om pasientane og bruke tida på det vi ønsker. Før måtte vi basere oss på papirlappar frå merkantilt personell om timar og endring av time, slik at vi måtte logge oss inn og notere oss nytt tidspunkt. Spesielt ved kansellering og endring av time brukte vi mykje tid på å ringe og sende meldingar til pasientane, seier ho.
Unikt treningsfellesskap
Kari Asker er ei av dei som nyttar seg av treninga så ofte ho kan. Ho har hatt brystkreft og set stor pris på at ho kan bruke Pusterommet, både for å holde seg i form, men også for å treffe andre i same situasjon.

- Vi er en fin gjeng som møtes her, og etter treningen tar vi alltid ein kaffe på Vardesenteret. Då snakkar vi om alt mogleg, og det er eit veldig fint fellesskap å vere ein del av, fortel ho.
Asker har god erfaring med å bruke appar og andre digitale tilbod, og set pris på at ho no kan holde oversikt over timane sine i HelsaMi.
- Det er veldig fint å ha alt på ein stad, her ligger både prøveresultata og besøkssammendrag, så det er veldig lettvint at eg også kan halde orden på treningstimane same stad, seier ho.