Vi skal vere med å forbetre kvardagen, opplevinga og tilbodet til ungdom i Helse Møre og Romsdal.Ungdomsrådet

Kontaktinformasjon
ungdomsradet@helse-mr.no
Følg oss på Instagram
Om ungdomsrådet
- Det er oppretta eit samla ungdomsråd for heile Helse Møre og Romsdal
- Dette er ei ungdomsutgåve av brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal
- Medlemmane skal ha personleg erfaring med sjukehus og helsetenesta generelt
- Medlemmane må vere villige til å dele erfaringar og må ha eit ønske om å bidra til forbetring av tenestene
- Ungdomsrådet skal ha tett samarbeid med leiinga i føretaket
- Referat frå ungdomsrådet sine møte vil ligge fast som referatsak på styremøta i Helse Møre og Romsdal og møta i brukarutvalet
- Leiar eller representant frå ungdomsrådet deltek på brukarutvalet sine møte der det er naturleg på sak
Møtereferat og styrande dokument finn du her
Saker vi har fokus på i 2021
- Møte med DPS-ane (distriktpsykiatriske senter)
- Prosedyre om overgang frå barne- og ungdomsavdeling til vaksenavdeling (både for somatikk og psykisk helsevern)
- Roll-ups for å nå ut i sjukehusa med informasjon om ungdomsrådet
- Trivselssjukepleiar Kristiansund
- Heilt sjef - kurstilbod
- Instagram
Ungdomsrådet er faste deltakarar i desse fora:
- Barn som pårørande, styringsgruppe
- Kvalitet i institusjonsbehandling i psykisk helsevern (KvIP)
- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)
- Helseplattformen
Medlemmar

Leiar
Victoria Ulstein Sporsheim frå Sula

Nestleiar
Benjamin Vågen. Bur på Stranda, oppvaksen på Averøya, født i Lofoten.
Medlemmar

Andrine Mogstad frå Vestnes

Victoria Talstad frå Åndalsnes

Malin Strømsholm Riise frå Kristiansund

Lasse Alexander Honningsvåg frå Ålesund

Julie Ramstad frå Sykkylven

Kristine Midtsætrer frå Aure, bur i Malmefjorden

Gerda Marie Eiken Nødtvedt frå Molde
Kvifor er vi med i ungdomsrådet?
«Ungdomsrådet er ein stor moglegheit, og eg vil vere med og bidra» Benedikte Haagensen Skrede.
«Eg vart med i rådet for å gi unge ein sjanse til å føle seg som ungdommar, uansett helsesituasjon» Malin Strømsholm Riise
«Eg vil vere med og bidra til ein positiv forskjell på sjukehusa» Benjamin Vågen
«Eg brenn for ein lettare overgang frå barne- og ungdomsavdelinga til vaksenavdeling» Victoria Ulstein Sporsheim
«Eg vil gjere ein forskjell» Christian Bjerkås
«Eg er med i ungdomsrådet fordi eg vil hjelpe til å påverke korleis dei som jobbar på sjukehuset er, men også korleis sjølve sjukehuset er» Ylva Bårdsdotter Linset-Aarflot
«Eg vil vere med i ungdomsrådet for å gjere ein forskjell. Eg vil vise andre ungdommar at det er nokon som vil jobbe for å gjere det bedre for ungdommar i helsetenesta» Nathalie Helen Johansen
Barn som pårørande
Barn og unge blir påverka når nokon i familien er sjuke, og dei treng å forstå kva som skjer. Det kan vere at du sjølv er pasient, pårørande eller forelder til sjuke barn med søsken. Vi som jobbar på sjukehuset skal bidra til at barn og unge i din familie blir godt tatt vare på. Les meir om dette her.