– Denne podkasten er ein samtale om autisme frå to forskjellige perspektiv, frå autisten sjølv og frå ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Vi påstår ikkje å ha ei sanning og fasit på alt, men målet er å dele erfaringane og tankane våre og at den som høyrer på oss skal lære litt meir om autisme, fortel Magnus Reiestad.
Podkasten er ein serie på 7 episodar som dekker kjernevanskane i autisme, identitet, stress, kommunikasjon, sosial funksjon, rigiditet og livsmeistring. Det kjem ein ny episode kvar onsdag.
Maŋemus ođastuvvon 2022-09-14