Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Ungdom ser mot havet

Eit kart over tenestene for barn og unge

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Vi treng å høyre til

Barn og unges helseteneste har laga video om psykisk helse. 

Dei sju samhandlingsforløpa

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, etter modell frå Helse Fonna. Det er eit samarbeid mellom alle kommunar og Psykisk helsevern for barn og unge i helse Møre og Romsdal.

Satsinga går ut på å implementere 7 samhandlingsforløp rundt dei vanlegste psykisk helseutfordringane hos barn og unge. Møre og Romsdal har teke utgangspunkt i forløpa frå Helse Fonna, men har no arbeidd seg gjennom forløpa og har laga sine eige forløp som vart ferdig januar 2024.

Målsetjinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommunar og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske lidingar i Møre og Romsdal, og gi barn og unge med psykiske vanskar «rett hjelp – på rett stad – til rett tid».

Forløpa er først og fremst laga for at fagfolk skal gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp.

I prosessen har vi mellom anna hatt arbeidssamlingar, leiarsamlingar og nettverksmøte for å få innspel i satsinga. I tillegg til forløpa har vi starta med dialogbaserte inntaksmøte, felles møte mellom kommunar og BUP for å drøfte saker kring brukarar kor ein er usikker i kva teneste dei skal få hjelp i. Desse er positivt evaluert og skal breddase vidare til andre kommunar. Kompetansehevande webinar har også vore arrangert som vi held fram med. Satsinga blir implementert vidare i åra framover.

​​

Kor kan eg få hjelp?

Får du tidleg hjelp er sjansen større for at du raskare vert betre. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen, psykisk helsehjelp i kommunen du bur i eller fastlegen din - dei kan hjelpe deg.
Les meir om korleis du kan få hjelp
Nokon å snakke med

Barn og ungdom har rett til å medverke

Les meir om barn og ungdom sin rett til å medverke
En person som holder en paraply

Råd til føresette

Kva med deg som er forelder eller føresett?
Les om kvar du som føresett kan få hjelp og råd
Illustrasjonsbilete

Om barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Dei som treng hjelp og dei som skal hjelpe born og unge må forstå dei ulike tenestene og deira rolle og ansvar. Slik kan vi skape eit betre hjelpetilbod.
Les om barn og unges helseteneste
Barn og unges helseteneste

Arrangement

Her finn du informasjon om komande arrangement og samlingar knytt til barn og unges helseteneste. Du vil også finne presentasjonar eller videoar frå gjennomførte arrangement.
Les meir om kva som skjer i barn og unges helseteneste
Personar på workshop

Nyheiter om barn og unge

Maŋemus ođastuvvon 2024-08-13