Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Barn og ungdom har rett til å medverke

​Barnekonvensjonen og barns beste

FNs barnekonvensjon sikrar barn og ungdom grunnleggjande rettar i møtet med tenesteapparatet. Desse rettane er også forankra i Grunnlovas § 104.

Barnekonvensjonen seier at «alle avgjerder og handlingar som rettar seg mot eit barn» skal gjerast med sikte på å vareta «barnets beste».  Kva som er barnets beste kan ikkje vurderast utan at barnet har fått høve til å medverke.

Dette føreset at

  • Barnet har fått til strekkeleg informasjon på ein måte som er tilpassa barnet.
  • Barnet har fått moglegheit til å uttale seg fritt (og på ein måte dei opplever som trygg).
  • Barnet sin rett til privatliv er vareteken, også med tanke på korleis vaksne handterer det barnet fortel.

Det er altså ikkje nok at oppvekstarbeidarar og helsepersonell har ein intensjon om å vareta barnets beste. Det må etablerast ei forståing av barn som sjølvstendige rettshavarar, og tenestene skal etablere arbeidsmåtar og rutinar som sikrar at barns grunnleggande rettar blir varetekne i praksis. 

Desse prinsippa har også konsekvensar for tenester som samarbeider om tiltak for barnet - barnet må vere ein del av samarbeidet! Når barn blir vist frå ein instans til ein annan må varetaking av dei grunnleggande rettane til barnet vere ein del av denne prosessen i alle ledd.

Kommunikasjon med barn

Barnets stemme skal lyttast til både gjennom verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Kommunikasjon er meir enn berre det verbale språket.

Barn har eit mindre utvikla verbalt språk enn vaksne. For å fremje stemma til barnet, og forstå bodskapen deira, er det derfor viktig å sjå også etter det ikkje-verbale språket. Det ikkje-verbale språket blir vist gjennom kroppsspråk, andletsuttrykk, blikk, mimikk, gestar, kroppsrørsler, kroppskontakt og avstand.

Samtalar med barn

Den som snakkar med barnet sørgjer for:

Førebuingar

  • at barnet får tilgang til all viktig informasjon om seg sjølv og sin situasjon
  • at samtalen skjer i trygge rammer for barnet, og tek omsyn til alderen og modnaden til barnet. Den som skal snakke med barnet spør barnet kva som skal til for at barnet er trygt i samtalen.
  • at barnet blir førebudd på kva tema som blir tekne opp i samtalen. Viss det er fleire som deltek i samtalen, involver barnet i korleis sensitiv informasjon blir lagt fram.
  • at alle i samtalen tenker igjennom kva ord og omgrep som blir brukte. Nokre ord kjennest både framande og skumle, dei kan stigmatisere og gjere at barn kjenner seg annleis.

Sjølve samtalen

  • at samtalen med barnet blir lagd opp som ein dialog med opne spørsmål.  Den som snakkar med barnet må vise interesse og openheit for skildringa til barnet, og tryggje barnet i at reaksjonane deira er normale.
  • å spørje barnet om korleis ho eller han har det og er open og ærleg om sine tankar rundt situasjonen til barnet.
  • å spørje barnet om korleis dei har det saman med andre barn eller vaksne, då dette kan seie noko om fungeringa til barnet

Tilbakemelding og informasjon til barnet

  • å informere barnet om vegen vidare, kva som kjem til å skje og kva som er vedteke.
  • at hans/hennar synspunkt er varetekne og grunngivinga for avgjerdene som er tekne.
  • å informere om moglegheita til å lese referat frå møtet og kommentere på dette før det blir ferdigstilt og blir journalført.

Dersom det er kommunikasjonsutfordringar, blir det lagt til rette for at tolk deltek i alle samtalar med barnet.

Maŋemus ođastuvvon 2024-01-22