Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kroppsleg uro og merksemdsvanskar hos barn og ungdom

Merksemdsvanskar og uro kan vere normale reaksjonar på forhold rundt barnet/ungdommen, men kan òg vere teikn på ADHD. Vanskar med konsentrasjon og uro kan påverke utvikling og læring, og det er derfor viktig med tidlege tiltak.

​Evna til konsentrasjon utviklar seg gradvis gjennom oppveksten og varierer mykje mellom individ. Følelsar, stress, søvn og sjukdom kan òg påverke konsentrasjonsevna. Konsentrasjonen heng saman med evnenivå og lærevanskar. Det er derfor viktig med eit vidt normalitetsomgrep. Dersom vanskane varer over tid og kjem til syne på fleire arenaer, kan det vere mistanke om ADHD.

Ved lette merksemdsvanskar og kroppsleg uro kan systematisk tilrettelegging i barnehagen/skulen vere tilstrekkeleg tilbod. Ved vedvarande teikn på merksemdsvanskar og uro må ein sikre at vanskane til barnet/ungdommen blir kartlagt og vurdert i kommunale tenester. Mistanke om underliggande utviklingsforstyrring eller ADHD gir rett til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Barn eller ungdom som får diagnosen ADHD, vil ofte ha behov for tilrettelegging og tiltak over tid.

Det kan vere mange årsaker til merksemdsvanskar og uro hos barn og unge. Nokre barn og ungdom har større konsentrasjonsvanskar og meir kroppsleg uro enn andre. Evne til merksemd og konsentrasjon er også følsamt for psykososiale belastningar. Barn og ungdom som mistrivst eller lever med store belastningar i familien, kan streve med konsentrasjon og kjenne seg veldig urolege. Forhold hos føresette som somatisk sjukdom, rusmisbruk eller psykisk sjukdom kan òg vere årsak til plagene.

Merksemdsvanskar og uro kan også vere eit teikn på nevroutviklingsforstyrring, som ADHD. ADHD er ei forkorting for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder. Dette er diagnosen ein bruker når barn og unge har omfattande og vedvarande vanskar med merksemd og uro, som ikkje er reaksjonar på belastningar. Mistanke om ADHD er den hyppigaste tilvisingsgrunnen til psykisk helsevern for barn og unge. Om lag 3–5 prosent av barn og unge under 18 år har ADHD. Førekomst av ADHD varierer med alder og kjønn, og det er flest gutar som får diagnosen. Kjenneteikn på ADHD er vanskar med merksemd og konsentrasjon, påfallande høgt aktivitetsnivå og impulsive handlingar. Barn og unge kan ha merksemdvanskar utan at dei er urolege eller impulsive. Ofte kan det ta tid før slike vanskar blir oppdaga. På skulen kan dei ha lærevanskar, problem med å meistre egne følelsar og tankar, utfordringar i sosiale relasjonar og vanskar med å planlegge kvardagen.

Viss det er mistanke om at eit barn eller ungdom har ADHD, må det alltid vurderast om det er andre forhold som forklarer vanskane betre. Ein må gjere ei heilskapeleg vurdering av både utviklinga og symptoma til barnet/ungdommen, korleis han/ho fungerer på ulike arenaer og familieforhold. Teikn som kan gi grunn til bekymring:

  • Problem med å fange opp beskjedar og andre signal frå omgivnadene.
  • Klarer ikkje følge instruksjonar.
  • Strever med å organisere eigne aktivitetar, skulearbeid og lekser.
  • Blir lett distrahert, gløymer lett, mister ting og skifter ofte aktivitetar utan å gjere ting ferdig.
  • Kroppsleg uro, særleg i hender og føter.
  • Som barn er dei støyande i leik og motorisk aktive. Som ungdom har dei oftast ikkje det same høge aktivitetsnivået, men er ofte rastlause.
  • Snakkar mykje utan å tilpasse seg den situasjonen dei er i.
  • Handlar før dei har tenkt seg om.
  • Klarer ikkje å vente på tur og avbryt andre.​

Barn og unge med ADHD treng ofte tiltak over lang tid, blant anna informasjon, foreldrerettleiing, støttetiltak i barnehage og skule, terapi individuelt eller i gruppe, og eventuelt medikasjon. ADHD fører ofte til andre vanskar, som åtferdsproblem, emosjonelle problem som angst og depresjon, lærevanskar og samspelsvanskar.

Les meir om ADHD: https://helsenorge.no/sykdom/psykiske-lidelser/utviklingsforstyrrelser/adhd



Kven gjer kv​​​a

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Ved bekymring kring barn/ungdom si psykiske helse er fastlegen si rolle å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse, samt kartlegge psykososiale forhold som kan påverke barnet si helse og utvikling. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Fastlegen kartlegg gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til pasienten og omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si oppfatning av utfordringane til barnet og opplysningar om korleis plagene kjem til uttrykk heime og i barnehage/skule
  • Somatisk status og somatisk historie (syn, høyrsel, språk, motorikk, blodprøvar ved indikasjon)
  • Utviklingshistorie og vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Reguleringsvanskar (matinntak, kroppsleg uro, handtering av følelsar, åtferdsvanskar)
  • Søvnproblem
  • Rusmiddelproblem
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Krenkingar som f.eks. overgrep eller andre belastningar kan forklare symptoma
  • Familieanamnese (førekomst av ADHD, psykiske lidingar, lærevanskar, rusmisbruk eller hjartesjukdom i nær familie)
  • Informasjon om kartlegging som er gjennomført, og tiltak/tenester som er prøvd ut, særleg treng ein informasjon frå barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta og PPT
  • Tilvisar si vurdering av vanskane til pasienten og alvor av symptoma

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Barn med merksemdsvanskar og uro har ofte tilleggsvanskar som åtferdsproblem, emosjonelle problem, lærevanskar og samspelsvanskar. Det er viktig at slike vanskar blir tatt med i vurderinga.

Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdsvanskar og uro

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette. Vurder behov for dobbelttime.
  • Dersom vanskane heng saman med psykososiale belastningar, kan kommunale tenester som helsestasjon og skulehelsetenesta eller psykisk helseteneste tilby samtaler og foreldrerettleiing. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tenester.
  • Barn og unge med merksemdsvanskar og uro har ofte behov for tilrettelegging og støttetiltak i barnehage/skule. Fastlegen bør drøfte med føresette om dei skal be barnehage/skule om kartlegging og vurdere behov for å drøfte sak med PPT.
  • Ved mistanke om ADHD bør ein vurdere tilvising til BUP. Det tilrådd at tilvising skjer i samråd med barnehage/skule, PPT eller andre kommunale instansar som er involvert i saka.
  • Ved kjent ADHD og etter at medikamentell behandling er prøvd ut og evaluert i BUP, blir ansvar for medisinske kontrollar overført til fastlege. Fastlege bør foreta minimum halvårlege kontrollar med tanke på å følge med på og registrere effekt av behandlinga og eventuelle biverknader. Kontrollane bør inkludere måling av høgde, vekt, blodtrykk og puls. Ved betydelege biverknader må ein vurdere om ein skal justere dosen, eventuelt skifte eller avslutte legemiddelbehandlinga. Ved spørsmål må fastlege kontakte legespesialist ved BUP.

Tiltaka blir evaluert i samtaler med pasient og føresette og i dialog med andre involverte instansar.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP.

Oppsummeringar frå andre instansar kan bli sendt som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Ved kjent ADHD kan det vere behov for ny tilvising til BUP for komorbide psykiske helseplager eller ny vurdering av medikasjon. Ved spørsmål må fastlege kontakte BUP.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Ved oppmerksomhetsvanskar og uro vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen, PPT og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolla som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved mistanke om psykiske vanskar kartlegg helsestasjonen/skulehelsetenesta vanskane gjennom samtaler med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen. Vidare kan kartlegginga innehalde faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Utviklingshistorie og milepelar
  • Vurdering av syn og høyrsel
  • Vurdering av språk og kommunikasjon
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen    
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, og fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Sjølvskading og suicidalitet
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Medisinske tilstandar eller sjukdommar som påverkar utviklinga til barnet
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer.

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdsvanskar og uro

Ved merksemdsvanskar og uro kan aktuelle tiltak frå helsesjukepleiar vere:

  • Samtaler og rettleiing til barnet/ungdommen der ein kan legge vekt på å forstå seg sjølv og sine vanskar, sortering av følelsar/tankar og strategiar for å handtere eigen uro.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd, og korleis dei kan gi barnet/ungdommen den støtta han/ho treng i kvardagen.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp.
  • Rettleiing, kurs eller grupper for føresette dersom kommunen har dette tilbodet

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre tenester:

  • Om ein mistenker at plagene til barnet/ungdommen heng saman med psykososiale belastningar eller andre psykiske vanskar, kan tenesta sette barnet/ungdommen i kontakt med psykisk helseteneste i kommunen eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane og tilby samtaler.
  • Om kartlegginga viser gjennomgåande vanskar med merksemd og uro, bør helsesjukepleiar etablere kontakt med barnehage/skule for vidare kartlegging og vurdering av tiltak i samråd med barnet/ungdommen og føresette. Det er barnehagen/skulen som vurderer om det er grunnlag for å be PPT om bistand til og kartlegging av spesialpedagogiske behov.  
  • Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Samarbeid med andre tenester

Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, PPT, fastlege, fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste og BUP. Ofte kan ein kombinere samtaler hos helsesjukepleier med tiltak frå BUP eller fastlege, men då må roller og ansvar vere avklart.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator.  Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagen si rolle å fange opp teikn og signaler ved barnet som gir grunn til uro for barnets psykiske helse eller utvikling. Barnehagen skal samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får hjelp frå rett teneste.  

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Teikn som gir grunn til uro for eit barns psykiske helse eller utvikling, er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Det er stor variasjon i barn si evne til ro, konsentrasjon og vere merksam over tid. For mange er vanskane forbigåande. Det er først når vanskane varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei negativt påverkar korleis barnet fungerer, og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til å mistenke ADHD.

Ver særleg merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen, belastningar i familien, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved mistanke om merksemdvanskar og /eller uro kan kartlegginga i barnehagen innehalde:

  • Observer barnet i ulike situasjonar og legg merke til i kva situasjonar barnet strevar med merksemd og uro og kor ofte det skjer. Legg særleg merke til teikn som at barnet:                    
    • har høgt aktivitetsnivå, problem med å sitte stille
    • gir lite stabil blikk-kontakt
    • er rastlaus i leik og skifter mellom ulike aktivitetar
    • kjem lett i konflikt med andre barn eller blir lett frustrert
    • er sein og motorisk klossete
    • har språkvanskar og problem med å gjere seg forstått
    • har vanskar med å delta i fellesaktivitetar i barnehage
    • strevar i samhandling med andre barn og vaksne
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste). Bruk verktøy frå Barnesamtalen: Barnesamtalen - Dialogmodellen - Dialogmodellen og dokumenter samtalen.
  • Kartlegg det psykososiale miljøet i barnehagen
  • Kartlegg og vurder den generelle utviklinga til barnet
  • Kartlegg språket og kommunikasjonen til barnet
  • Drøft saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Ved behov kan ein drøfte sak med PPT, etter samtykke frå føresette.

Ut frå kartlegging skal ein vurdere utviklinga til barnet og utfordringane barnet står i, og om barnet treng vidare kartlegging og oppfølging. Dersom kartlegginga gir mistanke om omfattande vanskar med merksemd og uro, bør barnehagen søke bistand for vurderingav tilstand og vidare tiltak.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

I barnehagen kan aktuelle tiltak vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre trivsel, tryggleik og inkludering. Legg vekt på at barnet skal bli inkludert i barnehagegruppa og ikkje skal oppleve mobbing eller utestenging.
  • Samtaler med føresette ved behov.
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov, alder, utviklingsnivå, sterke og svake sider. Tilrettelegginga bør omfatte leik, sosialt samspel, omsorg og læringssituasjonar. Nokre konkrete tiltak kan vere:
    • Eit oversiktleg og strukturert miljø både inne og ute.
    • Tydelege og klare reglar som barnet kjenner til og forstår.
    • Anerkjennande vaksenstøtte i krevjande situasjonar som måltid, overgangar, av- og påkledning, leik- og læringssituasjonar og i samlingsstunder.
    • Bruk visuell støtte, eksempelvis dagsplan med bilde.
    • Tilpass omfang, vanskegrad og lengde på læringsøkter.
  • Bruke tryggleikssirkel og sikre at barnet får ei trygg tilknyting til barnehagepersonalet.
  • Tilby vaksenstøtte i situasjonar som kan vere utfordrande for barnet.
  • Kontakte PPT for rettleiing på systemnivå. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen/fylkeskommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse).

Tiltaka i barnehagen skal bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i samråd med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal det ein gang årleg utarbeidas ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon og psykisk helseteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Andre aktuelle samarbeidsinstansar er helsestasjon, psykisk helseteneste, fysio- og ergoterapitenesta, barnevernteneste og BUP. 

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak. ​

Kartlegging ved merksemdsvanskar og/eller uro

Teikn på psykiske helseproblem hos ein elev kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven.

Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og unge vere forbigåande. Det er når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei negativt påverkar korleis eleven fungerer, og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til å mistenke at det er ADHD.

Kartlegging ved mistanke om merksemdvanskar og/eller uro:

  • Observere eleven og i kva situasjonar eleven strevar med konsentrasjon og uro. Hensikta med observasjonane er å få eit godt grunnlag for vidare kartlegging. Legg særleg merke til om eleven:
    • har kort spenn for merksemd og blir lett forstyrra,
    • strevar med å igangsette og organisere aktivitetar eller skulearbeid,
    • er motorisk uroleg og har problem med å sitte stille,
    • gløymer ofte skulebøker eller ting,
    • følger ikkje instruksjonar eller regler,
    • fiklar mykje med hender eller føter, eller vrir seg på stolen,
    • er rastlaus og skifter ofte mellom ulike aktivitetar,
    • er impulsiv, seier og gjer ofte ting utan å tenke seg om,
    • kjem lett i konflikt med andre elevar eller blir lett frustrert,
    • har vanskar med å regulere søvn og mat, eller
    • strevar i samspel med andre elevar eller vaksne
  • Samtale med eleven. Sett ord på det du har observert, og få tak i eleven si oppfatning av vanskane, og om han/ho ynskjer hjelp. Informer eleven om at du må snakke med føresette og avtal om eleven skal vere med på samtalen.
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim-samtale så raskt som mogleg. Be om samtykke til vidare kartlegging og drøfting.
  • Kartlegge språk og kommunikasjon.
  • Drøfte bekymring med skuleleiing/støtteapparat eller dei etablerte ordningane for rettleiing/konsultasjon som skulen har. Ein bør drøfte sak med PPT eller andre støtteinstansar, etter samtykke frå eleven og føresette.

Ut frå kartlegging skal ein vurdere kor alvorlege utfordringar eleven står i og om han/ho har behov for vidare kartlegging og oppfølging. Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i klassen eller skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Barn og ungdom som strevar med merksemd og uro treng at læringsmiljøet er prega av rammer, struktur og oversikt.  Barn med meir uttalte vanskar eller kjent ADHD-diagnose treng individuell tilrettelegging ut frå behov, alder, utviklingsnivå, sterke og svake sider. Målet med alle tiltaka er at dei skal hjelpe eleven til å regulere merksemd, kroppsleg uro og impulsivitet bedre.  

Aktuelle reguleringsstøttende tiltak i skulekvardagen kan vere: 

  • Etabler ein trygg relasjon til eleven og legg til rette for gode relasjonar til medelevar. Det er viktig for å sikre trivsel og inkludering. 
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette, etter dialog med elev, og ha regelmessige skule-heim-samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime.  
  • Tilpass undervisning, lekser og vekeplanar. Eleven kan trenge tilpassa opplæring sjølv om han/ho følger kompetansemål og av det ikkje har rettigheiter etter § 5-1. 
  • Ha eit oversiktleg og godt strukturert miljø i klasserommet og ute.  
  • Ha tydelege og klare reglar som du veit at eleven kjenner til og forstår. 
  • Gi eleven støtte og praktiske råd dersom det oppstår vanskar knytt til sosialt samspel med andre. 
  • Gi anerkjennande vaksenstøtte i situasjonar som kan vere utfordrande for eleven, vær særleg merksam på behov for støtte i overgangssituasjonar. 
  • Gi ekstra tid til å løyse eller å bli ferdig med oppgåver. 
  • Gå bort til eleven og ved oppstart av sjølvstendig arbeid, og forsikre deg om at eleven har oppfatta oppgåva og veit kva han/ ho skal gjere 
  • Støtt eleven i å strukturere arbeidsoppgåver, dele opp samansette oppgåver, og planlegge gjennomføring 
  • Ta pausar, eller planlegg pausar saman med eleven, slik at eleven ikkje må oppretthalde merksemda over lengre tid enn eleven har føresetnadar for 
  • Legg opp til ulike arbeidsformer slik at det blir variasjon gjennom timen og skulekvardagen, for å hjelpe elven til å oppretthalde merksemda 
  • Sørg for at viktige beskjedar blir skriftleggjort 
  • Bruk positiv merksemd aktivt, gi positive tilbakemeldingar og oversjå avvikande åtferd som ikkje fører til problem for eleven og andre.   
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft ev. behov for å tilvise eleven til PPT. 
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak som skildrar tilbodet eleven skal få (varigheit, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. 

Tiltaka på skulen skal bli evaluert jamleg: internt på skulen, i samråd med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov. 

Dersom tiltak kring eleven ikkje gjev tilfredsstillande effekt, bør skulen drøfte med eleven og føresette om det er behov for vidare oppfølging i andre instansar. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam som kan vurderast dersom tiltak ikkje har effekt eller ein treng bistand. 

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga. Ved mistanke om ADHD er det ønskeleg med rapportar frå kartlegging i skule, og eventuelt frå PPT dersom det føreligg.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT kan rettleie skulen både på individ- og systemnivå. Skulen samarbeider tett med skulehelsetenesta, som kan bidra i både kartlegging og tilrettelegging. Ved oppfølging i BUP bør skulen vere involvert i både utgreiingsfasen og tilbakemeldingsmøte. Skulen samarbeider elles med dei tenestene som er involvert rundt barnet/ungdommen.

Skulen bør delta i samarbeidsmøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved mistanke om merksemdvanskar og uro kan barnehagen/skulen be om bistand frå PPT dersom barnet/eleven sine vanskar går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen, eller opplæringssituasjonen i skulen.  

Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Vanskar med konsentrasjon og uro kan vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til å mistenke at vanskane skuldast ADHD.

Kartlegging knytt til sakkunnig vurdering: :

  • I samtale med individet prøvar vi å få fram styrker fagleg og sosialt, utfordringar og oppleving av behov og ynskje om hjelp.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport.
  • Føresette si vurdering av behova til barnet/ungdommen.        
  • Kartlegging av den generelle utviklinga og utviklingsnivået til barnet/ungdommen.
  • Kartlegging av fagvanskar og eventuelle lærevanskar.
  • Kartlegging av kognitiv utvikling, eksekutive ferdigheiter og språk.
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år

Kartlegging av barnehage- og skulemiljø:

  • Kartlegge system/miljø/omgivnadar.
  • Gjennom observasjon og samtale, gjer PPT ei vurdering av barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing.
  • Vurdere tryggleik og struktur.

Ut frå kartlegginga skal PPT først og fremst vurdere om barnet/eleven sine utfordringar går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller læring og utbytte av opplæringa i skulen, og om han/ho har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro òg kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og familien. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for barn og ungdom med særskilte behov. PPT skal bistå barnehage/skule med kompetanseheving og organisasjonsutvikling dersom eininga ber om dette jmf. Barnehagelova/Opplæringslova. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak og barnehagen/skulen skal utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • Rettleiing i korleis barnehage/skule skal legge til rette for og sikre rettane barnet/ungdommen har, etter barnehagelova og opplæringslova.
  • Rettleiing på systemnivå i korleis barnehagen/skulen skal sikre eit miljø prega av struktur og rammer. 
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette.

Resultat av tiltak som er sett i verk bør jamleg evaluerast. Evalueringa kan ofte gjennomførast av barnehage/skule og føresette, eventuelt i samarbeid med involverte instansar. PPT deltek i evalueringa ved behov. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

I saker der PPT bistår, og ved mistanke om psykiske helseplager, kan barnehage/skule i samarbeid med PPT sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Det må føreligge samtykke.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar bør barnet/ungdommen bli tilvist BUP. Dersom barnet/eleven allereie er tilvist PPT for sakkyndig vurdering, kan PPT bidra med tilvising til spesialisthelsetenesta. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Tilvisar kan be om eventuelle saksopplysningar frå PPT, særleg informasjon om korleis vanskane til barnet/eleven kjem til syne i barnehage/skulekvardagen. Kopi av utarbeidd sakkyndig vurdering kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ei av oppgåvene til PPT er å støtte barnehage og skule i arbeid med tilrettelegging for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa barnehage og opplæringstilbod. I det tverrfaglege samarbeidet kan PPT bistå med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, fastlege, BUP, fysio- og ergoterapitenesta og barneverntenesta. Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta bør PPT dele saksopplysningar og kan delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan delta i samarbeidsmøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Kommunen skal sørge for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager. Tenestetilbodet skal vere kommunens psykiske helseteneste til barn og unge og komme i tillegg til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon- og skulehelsetenesta og fastlegen. Tenesta skal kartlegge hjelpebehovet hos barn og unge med psykiske plager og tilby behandling og oppfølging.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Det er mange årsaker til merksemdsvanskar og uro hos barn og unge. Det er derfor viktig å utforske breitt faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane, og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Korleis vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Styrkane, ressursane og interessene til barnet/ungdommen
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet og fysisk/psykisk sjukdom eller rusproblem hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Klassemiljø, konfliktar eller mobbing
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Sjølvskading og sjølvmordstankar
  • Bruk av sosiale medium og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette/ungdom

Ut frå kartlegginga skal ein vurdere grad av alvor av symptoma og om det er grunnlag for vidare kartlegging. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til å mistenke at vanskane skuldast ADHD.

Ver merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer.

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Ved merksemdsvanskar og uro kan kommunal psykisk helseteneste tilby oppfølging til barnet/ungdommen og familien. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Samtaler med og rettleiing til barnet/ungdommen med vekt på å styrke sjølvbilde, forstå seg sjølv og eigne vanskar, sortere følelsar/tankar og utvikle strategiar for å handtere eigen uro
  • Rettleiing til føresette i aktuelle tema, som korleis dei skal handtere utfordringane til barnet/ ungdommen i kvardagen, få familien til å fungere betre saman, utvikle meistringsstrategiar for vanskelege situasjonar i kvardagen
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette om korleis dei skal legge til rette og tilpasse kvardagen
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, Hei-spelet, KAT kassen og liknande. 
  • Kurs/grupper for føresette dersom kommunen har slike tilbod.
  • Familiesamtaler og familieterapi.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i barnehagen/skulekvardagen
  • Behandling av andre psykiske helseplager, som angst eller depresjon

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Ved mistanke om merksemdvanskar og uro er det ønskeleg med informasjon frå barnehage/skule og eventuelt frå kartlegging i PPT i tilvisinga. Psykisk helseteneste bør innhente relevante rapportar som vedlegg til tilvisinga. ​

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ved merksemdsvanskar og uro vil dei mest sentrale samarbeidspartnarane vere barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege og BUP. Ved behov for vidare kartlegging av utviklinga eller læringa til barnet/ungdommen, må tenesta drøfte med barnehagen/skulen og PPT om det kan vere grunnlag for tilvising til PPT. Psykisk helseteneste kan tilvise til og samarbeide med ergo og fysioterapiteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Merksemdvanskar og uro kan ha andre kroppslege årsaker, som vanskar med syn og høyrsel, språk, kroppslege spenningar eller stress, sansemodulering/sanseintegrasjon og motorikk. Kartlegging frå fysio- og/eller ergoterapeut kan derfor vere sentralt for å sikre tverrfagleg og heilskapleg vurdering av vanskane til barnet/ungdommen.

Ved oppstart av ei ny sak er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen
  • Motorikken til barnet/ungdommen og ferdigheiter i kvardagen   
  • Funksjon på ulike arenaer og deltaking i organiserte aktivitetar
  • Responsen barnet/ungdommen har på ulike sanseuttrykk (sansemodulering/sanseintegrasjon)
  • Om barnet/ungdommen har plager i muskel og skjelettapparat                                                                         
  • Behovet barnet har for strukturering av kvardagen
  • Vurdere om motoriske vanskar er ei primærårsak, eller om vanskane kan vere resultat av ei underliggande utviklingsforstyrring
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar ​

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapeut kan vere:

  • Å sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Å utvikle og styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring i staden for å unngå situasjonar. Motorisk trening kan vere aktuelt  individuelt eller i gruppe.
  • Rettleiing til føresette og barnehage/skule i korleis ein kan legge til rette for at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring i ulike aktivitetar som fritidsaktivitetar og gym.
  • Funksjonstrening i aktivitetar i dagleglivet, som påkledning og måltid.
  • Tilrettelegging av fysisk miljø og aktivitetar.
  • Hjelpe pasient og/eller pårørande å søke om, og gi opplæring i bruk av, tekniske hjelpemiddel til vanskar med struktur og tidsforståing, og andre enklare tiltak.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved skildring av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider med barnehage, skule, helsesjukepleiar, PPT, psykisk helseteneste og fastlege. Instansar utanfor kommunen kan vere habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet sikre at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernet er regulert i barnevernslova.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege åtferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom. På bakgrunn av bekymringsmeldinga gjer barnevernet ei undersøking.

Som del av undersøkinga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som har oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Kartlegginga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har, og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart
  • Om vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Familieforhold, inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing frå medelevar eller lærar
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Bruk av sosiale media og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar

Barnevernet må gjere ei vurdering av kor alvorlege vanskane er, og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Ein må derfor ha eit vidt normalitetsomgrep. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. Det er først når plagene varer over tid, viser seg i mange situasjonar, er så alvorlege at dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer i mange situasjonar og ikkje kan forklarast med andre forhold, at det er grunn til bekymring.

Ver særleg merksam på at vanskar med merksemd og uro kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, eller vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i vurderinga. Ein bør vere særleg merksam på samspelsvanskar i familien og teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

 

Etter undersøking og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein plan for oppfølging saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Det kan vere krevjande for føresette når barn/ungdom har store vanskar med merksemd og uro. Barneverntenesta har ei viktig støttande rolle for familien og kan rettleie føresette. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierettleiing
  • Familierådslag og nettverksmøter
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med instansane familien er i kontakt med

Tiltaka frå barnevernet og planen for oppfølging blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen. Korleis og kven som skal vere med på evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

    • tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
    • tilbakemeldingar frå andre instansar
    • status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
    • vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller nevroutviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke.

Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, fastlege, psykisk helseteneste og BUP. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator.

Kartlegging ved koordinerande eining

Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.​

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar.

Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt pasientforløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved merksemdsvanskar og uro

Ved oppstart gjer BUP ei grunnleggande basisutgreiing som kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • Oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • Ressursar, styrkar og interesse
    • Symptom, vanskar, funksjon
    • Psykisk status
    • Sjølvmordsfare
    • Behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i sped- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ved behov gjennomfører BUP ei utvida utgreiing. Utgreiing av merksemdsvanskar og uro hos barn og unge bør vere omfattande og inkludere både medisinsk og psykososial utviklingshistorie. Det er stor variasjon i evna til ro, konsentrasjon og merksemd over tid. Vanskar med konsentrasjon og uro kan for mange barn og ungdom vere forbigåande. ADHD-diagnosen er aktuell når eit tilstrekkeleg antal symptom på merksemdsvanskar og/eller impulsivitet/hyperaktivitet har vore til stades over tid, har oppstått i barndommen, fører til betydelege problem i kvardagen og ikkje kan forklarast ut frå andre diagnosar eller forhold.

Ver særleg merksam på at vanskar med merksemd og uro òg kan vere uttrykk for psykososiale belastningar i barnehagen/skulemiljøet, opplevde traume, sjukdom hos føresette, omsorgssvikt, ulike syndrom, autisme, språkforstyrring, utviklingsforstyrring, somatisk sjukdom eller andre psykiske lidingar. I vurderinga er det derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen og belastningane til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved merksemdvanskar og uro kan den utvida utgreiinga innehalde:

  • Kartlegging av symptom på ADHD ved standardiserte kartleggingsverktøy/intervju
  • Diagnostisk intervju med pasient
  • Somatisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Observasjon i barnehage/skule og samtale med pedagog/lærar dersom dette ikkje allereie er gjennomført av PPT
  • Vurdering av kognitive evner
  • Kartlegging av rusmiddel og rusmiddelavhengigheit
  • Søvnkartlegging
  • Ved mistanke om tilleggsvanskar relatert til språk eller hukommelse, hjerneorganiske tilstander eller nevrologiske utfall kan ein tilvise pasient til nevropsykologisk vurdering.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.

Tiltak ved merksemdvanskar og uro

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som skildrar planlagde tiltak. Mål med behandlinga er å redusere konsentrasjonsvanskar og uro, auke funksjon og livskvalitet i kvardagen, legge til rette for best mogleg utvikling og hindre utvikling av andre lidingar.

Ved ADHD, kan følgande behandlingstiltak vere aktuelle:

  • Diagnoseformidling og opplæring til barnet/ungdommen og føresette, og utvida familie/søsken/nettverk
  • Rettleiing og opplæring til føresette: infokurs, nettverkskurs og programbasert rettleiing
  • Informasjon om diagnosen til skule, og eventuelt rettleiing
  • Indikasjonsbehandling med legemiddel er førstevalet i behandling av barn og unge med alvorlege funksjonsvanskar
  • Individuelt samtaletilbod til barnet/ungdommen ved behov, særleg aktuelt ved andre samtidige psykiske plager som angst, depresjon e.l.
  • Råd om søvn
  • Informasjon om relevante hjelpetiltak og rettar
  • Informasjon om diagnosen til barnehage/skule

Tiltaka ska bli evaluert løpande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien. Ved ADHD vil sentrale samarbeidspartnarar vere barnehage/skule, PPT, fastlege, helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen, fysio-/ergoterapiteneste og barnevernteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Informasjon/tilvising til andre tenester

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Maŋemus ođastuvvon 2023-06-09