Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Vald, overgrep og omsorgssvikt

For barn og unge som opplever vald, overgrep og omsorgssvikt, er tidsfaktoren viktig. Jo tidlegare dei får hjelp, desto betre framtidsutsikter. Alle som jobbar med barn og unge må vere merksame på teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt, og har sjølvstendig ansvar for å følge opp bekymringa.

​Å oppleve vald, overgrep og omsorgssvikt påverkar følelsar, utvikling og helse. Barn og unge reagerer ulikt på belastningar. Nokon utviklar tydelege traumesymptom eller psykiske helseplager. Andre kan utvikle meir diffuse teikn og signal. Konsekvensar av traume treng ikkje kome til syne med ein gong, men kan utvikle seg over tid.

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt i heimen har alle tenester meldeplikt til barneverntenesta. Det er barneverntenesta som skal gjere undersøking og vurdere tiltak. Ved psykiske reaksjonar etter traume kan det vere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta.

Vald og overgrep mot barn og unge kan omfatte fysisk vald, psykisk vald og seksuelle overgrep samt omsorgssvikt i form av fysisk og emosjonell neglisjering.

Vald, overgrep og omsorgssvikt kan skje i det skjulte og over lang tid utan at det blir oppdaga. Sped- og småbarn er avhengige av omsorgspersonane sine og er derfor særleg utsette. Når barn og ungdom opplever traume i nære relasjonar, kan det påverke utvikling og korleis dei fungerer på ei rekke livsområde.

Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikt:

https://valdsveileder.nkvts.no/vald-mot-barn/

Vold og overgrep mot barn og unge (bufdir.no)

Kven g​​jer kva

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde.

Ved bekymring kring barn/ungdom si psykiske helse er fastlegen si rolle å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse, samt psykososiale forhold som kan påverke barnet si helse og utvikling. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Fastlegen kartlegg gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til barnet/ungdommen og omfanget og verknaden på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si oppfatning av utfordringane til barnet/ungdommen
  • Somatisk historikk og somatisk status
  • Aktuelle belastningar / traumatiske opplevingar. Er det behov for bekymringsmelding eller sikringstiltak?
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Krenkingar, f.eks. overgrep eller psykososiale belastningar
  • Søvnproblem
  • Sjølvskading og fare for sjølvmord
  • Rusmiddelproblem (pasient og familie)
  • Ressurs-/tillitspersonar rundt barnet/ungdommen
  • Informasjon om kva tiltak og tenester som er prøvd ut, ev. skriftlege vedlegg frå andre instansar
  • Fastlegen si vurdering av vanskane til barnet/ungdommen og alvor av symptoma

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt, skal fastlegen først vurdere omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan bli brukt både for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Om ein har grunn til å tru at vald og overgrep skjer i nære relasjonar, tar ein direkte kontakt med barnevern og/eller politi utan å informere føresette. Det er viktig å ha dialog med barnet/ungdommen. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet/ungdommen kva som skal skje vidare. Dersom mistanken ikkje er retta mot føresette, skal foreldra bli involvert i oppfølginga.

Ved psykiske reaksjonar etter kjente psykososiale belastningar, må fastlegen vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har og hastegrad i forhold til behandling. Ver særleg merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga. ​

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtale med barn og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Lettare psykiske helseplager skal vanlegvis bli behandla i kommunale tenester som helsestasjon og skulehelsetenesta eller kommunal psykisk helseteneste. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle behandlingstilbod i kommunen. Det er tilrådd med oppfølgingstime hos fastlegen for evaluering av effekt.
  • Ved mistanke om meir alvorlege psykiske reaksjonar eller lidingar bør ein vurdere tilvising til BUP. Tilvising til BUP kan ein sende på grunnlag av alvorlege psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar eller mistanke om andre psykiske lidingar som kan vere ein reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Ved risiko for ØH-tilvising bør det bli utarbeidd ein krise/sikkerheitsplan saman med pasienten.
  • Vere delaktig i å etablere ansvarsgruppe rundt barnet/ungdommen

Ved pågåande belastningar må tiltak bli tett følgt opp. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør ein vurdere tilvising til BUP også ved lettare psykiske vanskar.  

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP.

Oppsummeringar frå andre instansar kan sendast som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging. Ved vald, overgrep og omsorgssvikt er det ofte mange involverte instansar frå både kommune og spesialisthelseteneste. Fastlegen må samarbeide med dei som har omsorg for barnet/ungdommen, og ved behov med involverte instansar som barnevern, helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunal psykisk helseteneste, PPT og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolla som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Gjennom førebyggande arbeid og opplysningsarbeid til barn og unge på helsestasjon og skule kan tenesta bidra til å førebygge psykososiale belastningar.

Helsestasjonen og skulehelsetenesta kan avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt i vanlege helseundersøkingar, i samtaler med barn/ungdom eller føresette, eller ved at ein mottar bekymringar frå medelever eller lærarar. For å avdekke belastningar er det viktig å

  • Vere merksam på moglege fysiske indikasjonar på vald, overgrep og omsorgssvikt i dei somatiske undersøkingane.
  • Observere moglege teikn på psykiske plager under helsesamtala og den somatiske undersøkinga.
  • Stille spørsmål om forhold som er relatert til vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Kartlegge ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold.
  • Observere samspelet mellom barnet/ungdommen og føresette, av dette om foreldra har negative eller fiendtlege haldningar eller urealistiske forventningar til barnet/ungdommen.
  • Innhente informasjon frå andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år. Særleg er det aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg.

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt må ein ta stilling til omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi, utan å informere føresette. Det er viktig å ha dialog med barnet/ungdommen. Dersom mistanken ikkje er retta mot føresette, skal dei involverast i oppfølginga.

Ved mistanke om psykiske plager etter kjente psykososiale belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane.

I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen. Vidare kan ein utforske bredt faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Trivsel, humør, venneforhold og fritid
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen       
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehage/skule, konfliktar og mobbing
  • Søvnvanar og endringar i søvnmønster
  • Kosthald og måltid, eventuelle endringar i matlyst eller vekt
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Suicidalitet, sjølvskading og sjølvdestruktivitet
  • Bruk av sosiale medium og spel

Ver særleg merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Helsesjukepleiar kan følge opp barn og ungdom som har lette psykiske plager eller traumesymptom, gjerne i samarbeid med føresette og aktuelle instansar. Tiltak frå helsestasjon og skulehelsetenesta kan vere:

  • Samtaler med barnet/ungdommen der ein legg vekt på å dele vonde erfaringar, styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg.
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om tilrettelegging i kvardagen. Helsesjukepleiar kan bidra med å skape forståing av barnet/ungdommen sine emosjonelle behov og føresetnader og å finne gode tiltak.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp og Hei-spelet.
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsam foreldreåtferd når barn eller ungdom har opplevd traumatiske erfaringar, og korleis dei kan støtte barnet/ungdommen i kvardagen.
  • Kurs, grupper eller programbasert rettleiing for føresette, eksempelvis Foreldreveiledning i grupper (ICDP) (bufdir.no) eller Circle of Security - foreldreveiledningskurs (bufdir.no).
  • Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan nyttast for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Ved alvorleg bekymring for den psykiske helsa eller situasjonen til barnet/ungdommen må ein be føresette om samtykke til å drøfte saka med ansvarleg helseteneste eller barneverntenesta.

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Samarbeid med andre tenester

Ved vald, overgrep og omsorgssvikt er det ofte mange involverte instansar frå både kommune og spesialisthelseteneste. Helsesjukepleiar kan støtte opp om tiltaka frå andre instansar ved støttesamtaler til barnet/ungdommen eller føresette. Aktuelle samarbeidsinstansar er særleg barnehage/skule, kommunal psykisk helseteneste, fastlege, barnevern og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar er ofte koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagens rolle å fange opp teikn og signal ved barnet som gir grunn til uro for barnets psykiske helse eller utvikling. Barnehagen skal samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får hjelp frå rett teneste.  

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Gjennom å vere merksame på teikn og signal som gir grunn til uro, kan tilsette i barnehagen identifisere barn som lever i ein risikosituasjon. Teikn som gir grunn til uro for eit barns psykiske helse eller utvikling er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Barn som er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt har risiko for både psykiske helseplager og utfordrande åtferd i barnehagen som uro, konsentrasjonsvanskar og åtferdsvanskar. Jo yngre barnet er, jo mindre spesifikke kan teikna vere. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Uro for barn bør vere basert på systematisk observasjon og dokumentasjon av vedvarande teikn og signal. Observasjonane må bli dokumentert og drøfta i tråd med rutinane til barnehagen.

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet si sikkerheit første prioritet. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet blir utsett for alvorlege belastningar i nære relasjonar, må ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. Det er barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet kva som skal skje vidare.

Ved ei meir generell uro for barnet si psykiske helse eller utvikling, må ein avklare om det er grunn til bekymring ved å kartlegge situasjonen nærmare. Ver særleg merksam på at vanskar hos barnet òg kan vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen, reaksjonar på belastningar hos føresette, konfliktar mellom føresette eller vald/overgrep. Barn kan òg utvikle psykiske plager som følge av belastningar, sjølv om belastningane er kjende og ligg tilbake i tid. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

For å kartlegge situasjonen bør barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis foreldra opplever barnet heime. I samtalen ber ein om samtykke til vidare kartlegging. 

Kartlegginga kan innehalde:

  • Snakk med barnet og utforsk barnet si eiga oppleving av situasjonen og ønske om hjelp. Det er viktig at dette blir gjort på ein trygg og fortruleg måte for barnet. Her kan ein bruke verktøyet «Snakkemedbarn.no» eller «Jeg vil vite».
  • Observer barnet i samspel med andre barn og vaksne. Teikn og signal som kan gi grunn for uro:
    • barnet fortel om hendingar / situasjonar som gir grunn til alvorleg bekymring
    • emosjonelle vanskar som store svingingar i humør
    • endring i åtferd og sosial tilbaketrekking
    • utagering mot andre barn eller vaksne i barnehagen
    • barnet er ukritisk overfor framande
    • barnet har forsinka utvikling eller går tilbake i utvikling
    • kroppslege plager som kvalme eller svimmelheit
    • synlege teikn som blåmerke eller skader
    • regresjon eller tap av ferdigheiter, eller
    • sosial tilbaketrekking.
  • Observer samspel mellom barnet og føresette og legg særleg merke til om
    • føresette manglar engasjement for barnet
    • det er høgt konfliktnivå i samspelet
    • føresette er negative eller fiendtlege overfor barnet, eller om
    • barnet manglar utstyr eller kler over tid
  • Samtale med føresette for å få tak i om det er belastningar i familien som påverkar barnet, f.eks. ustabil livs- eller busituasjon, store helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem.
  • Drøft sak i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen. Barnehagen kan ringe barnevernet for anonym drøfting / råd. Sak kan drøftast i konsultasjonsteam dersom kommunen har det, enten anonymt eller etter samtykke frå føresette.

Etter kartlegginga må ein vurdere utviklinga til barnet, omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring eller tryggleikstiltak. Dersom ein har grunn til å tru at barnet er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette, slik skildra i teksten over. Ved meir generell uro for barnet si helse og utvikling, gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får nødvendige tiltak.

Aktuelle tiltak i barnehagen kan vere:

  • Tilby tett oppfølging ved behov slik at barnet får oppleving av å høyre til og får tryggleik til å leike, utforske og lære.
  • Forsterke pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik, trivsel og sosial inkludering.
  • Bruke tryggleikssirkel og sikre at barnet får tilknyting til barnehagepersonalet.
  • Arbeide med forståing av ulike følelsar og korleis ein handterer følelsar i barnehagegruppa
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov.
  • Samtaler og rettleiing med føresette.
  • Kontakte PPT for rettleiing på systemnivå. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen/fylkeskommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse).

Tiltaka i barnehagen skal bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i samråd med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal det ein gang årleg bli utarbeidd ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapiteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing. Barnehagen samarbeider elles med dei instansane som er involvert rundt barnet og familien, som helsestasjon, PPT, kommunal psykisk helseteneste, barnevernteneste, fysio-/ergoterapiteneste, fastlege og BUP. Ved behandling i BUP bør barnehagen vere involvert i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøte og samarbeidsmøte rundt barnet.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak. ​

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Gjennom å vere merksame på teikn og signal som gir grunn til uro, kan tilsette i skulen identifisere barn og unge som lever i ein risikosituasjon. Teikn som kan gi grunn til uro kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven. Barn og ungdom som er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt har risiko for både psykiske helseplager og utfordringar i skule som uro, konsentrasjonsvanskar og fagvanskar. Jo yngre eleven er, jo mindre spesifikke kan teikna vere. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring.

Bekymring for barn og ungdom bør vere basert på systematisk observasjon og dokumentasjon av vedvarande teikn og signal. Observasjonane må bli dokumentert og drøfta i tråd med rutinane til skulen.

Ved mistanke om pågåande vald/overgrep/omsorgssvikt i nære relasjonar tar skulen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Ein må alltid involvere eleven. Det er barnevernet som gjennomfører barnesamtala, og fortel eleven kva som skal skje.

Ved ei meir generell uro for eleven si psykiske helse eller utvikling, må ein avklare om det er grunn til bekymring ved å kartlegge situasjonen nærmare. Ver særleg merksam på at psykiske vanskar òg kan vere teikn på mobbing eller andre utfordringar i det psykososiale miljøet i klassen eller på skulen, reaksjonar på belastningar i familien eller situasjonen til dei føresette. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere eleven sine vanskar i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst.

Kartlegginga kan innehalde:

  • Observere og legge merke til teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt som at eleven
    • fortel om ting som gir grunn til alvorleg bekymring
    • har synlege teikn som blåmerke/skade
    • endrar åtferd og trekk seg tilbake sosialt
    • har emosjonelle vanskar som tristheit, store humørsvingingar eller sinneutbrot
    • sjølvskading og suicidalitet
    • utagering overfor andre elevar eller vaksne
    • faglege utfordringar som ikkje er foreinelege med evnene til eleven
    • dårleg hygiene
    • somatiske plager som kvalme eller svimmelheit
    • eleven manglar utstyr, klede osv. over tid
  • Snakke med eleven aleine og sett ord på det du har observert. Det er viktig at dette blir gjort på ein trygg og fortruleg måte for barnet/ungdommen. Her kan ein bruke verktøyet «Snakkmedbarn.no» eller «Jeg vil vite».
  • Ta opp bekymring med føresette så raskt som mogleg. Få fram føresette si oppfatning av utfordringa og deira ønske behov og ønske om hjelp. Det er viktig at lærar beskriv det ein har observert så konkret som mogleg, og spør om føresette kjenner igjen beskrivinga. Få tak i om det er belastningar i familien som påverkar eleven, som ustabil livs- eller busituasjon, helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem. Observer haldningane dei føresette har til eleven, om dei er fiendtlege til han/henne, om det er høgt konfliktnivå eller teikn på samspelsvanskar. I samtala hentar ein inn samtykke til vidare drøfting og tiltak.
  • Drøfte saka (eventuelt anonymt) internt i skulen, først med skuleleiing/støtteapparat og deretter med dei etablerte ordningane til skulen for rettleiing/konsultasjon. Ved tvil kan skulen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd.

Etter kartlegginga må ein ta stilling til kor alvorlege utfordringar eleven står i og om han/ho har behov for vidare kartlegging og oppfølging. Ut frå grad av bekymring må skulen ta ei avgjerd om dei skal melde bekymring til barnevernet. Dersom ein har grunn til å tru at eleven er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette, men etter dialog med eleven.

Etter kartlegging gjennomfører ein raskt ein ny samtale med elev og/eller føresette der ein blir einige om aktuelle tiltak heime og på skulen

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov.

Aktuelle tiltak frå skulen kan vere:

  • Pedagogiske tiltak for å sikre tryggleik og sosial inkludering. Klasseleiing og god organisering av undervisning er særleg viktig.
  • Etablere ein trygg relasjon med eleven og ha regelmessige samtaler med eleven om skulekvardagen.
  • Motiverande/førebyggande samtaler med eleven.
  • Tilrettelegging i skulekvardagen.
  • Sikre god dialog og informasjonsflyt med føresette, etter dialog med elev, og ha regelmessige skule-heim- samtaler for å sikre at tiltak på skulen blir følgt opp heime. 
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft behov for å tilvise eleven til PPT.
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak som skildrar tilbodet eleven skal få (varigheit, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen skal bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt er eleven si sikkerheit første prioritet. Tiltak bør bli tett følgt opp og kontinuerleg evaluert. Ved alvorleg bekymring for eleven eller ein opplever ei negativ utvikling, er det viktig at skulen ber om samtykke til å ha dialog med barnevernet eller ansvarleg helseteneste. 

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Skulen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar gjort på skulen, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan skulen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Helsesjukepleiar er ein sentral samarbeidspartnar for skulen og er ofte kontaktpunkt til helsetenestene. Ved behov samarbeider skulen med dei som gir behandling til eleven, for eksempel fastlege, kommunal psykisk helseteneste eller BUP. Ved bekymringsmelding til barnevern kan skulen etablere samarbeid med barneverntenesta i undersøkingsperioden. Dersom vanskane påverkar utbytte av opplæringa i skulen, bør ein drøfte sak med PPT.

Skulen bør delta i samarbeidsmøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova.

Kartlegging ved PPT

PPT er ikkje ei primær hjelpeteneste ved vald, overgrep eller omsorgssvikt. Barnehagen/skulen kan be om bistand frå PPT dersom barnet/eleven sine vanskar går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen, eller opplæringssituasjonen i skulen. Vanlege tilvisingsgrunnar til PPT, som konsentrasjonsvanskar, merksemdvanskar og fagvanskar, kan òg ha bakgrunn i at barnet har blitt utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Dersom det i kartlegginga i PPT kjem fram informasjon om vald/overgrep/omsorgssvikt, må PPT saman med barnehagen/skulen vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep i nære relasjonar, skal ein ta kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. Ein bør alltid involvere barnet/ungdommen.

Kartlegging knytt til sakkunnig vurdering:

  • I samtale med individet prøvar ein å få fram styrker fagleg og sosialt, utfordringar, oppleving av behov og ynskje om hjelp.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport
  • Føresette si vurdering av behova til barnet/ungdommen
  • Kartlegging av den generelle utviklinga og utviklingsnivået til barnet/ungdommen, samt eventuelle lærevanskar.
  • Kartlegging av kognitiv utvikling og språk ved indikasjon.
  • Innhente opplysningar frå skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år.

Kartlegging av barnehage- og skulemiljø:

  • Kartlegge system/miljø/omgivnadar
  • Gjennom observasjon og samtale gjer PPT ei vurdering av barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing. Her følger ein kommunale rutinar.
  • Vurdere tryggleik og struktur.

Ut frå kartlegginga skal PPT først og fremst vurdere om utfordringane til barnet/ungdommen går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller læring og utbytte av opplæringa i skulen og om han/ho har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for barn og ungdom med særskilte behov. PPT skal bistå barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling dersom eininga ber om dette jmf. Barnehagelova/Opplæringslova. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak og barnehagen/skulen skal utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan gi rettleiing i enkeltsaker og på systemnivå.

 Andre aktuelle tiltak frå PPT kan vere:

  • Rettleie barnehage/skulen i korleis dei skal legge til rette for og sikre rettane barnet/ungdommen har, etter barnehagelova og opplæringslova.
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette
  • Rettleiing til barnehage og skule på systemnivå for å sikre forståing for korleis belastningar og traume påverkar utvikling og læring, og korleis barnet/ungdommen skal bli møtt på ein god måte.
  • Ved eventuelt skulefråvær må ein følge kommunal plan for tiltak.

Resultat av tiltak som er sett i verk bør jamleg evaluerast. Evalueringa kan ofte gjennomførast av barnehage/skule og føresette, eventuelt i samarbeid med involverte instansar. PPT deltek i evalueringa ved behov. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon og psykisk helseteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ei av oppgåvene til PPT er å støtte barnehage og skule i arbeid med tilrettelegging for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa barnehage- og opplæringstilbod. I det tverrfaglege samarbeidet kan PPT bistå med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging som helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, barneverntenesta, fastlege, fysio- og ergoterapitenest og BUP. Ved utgreiing i BUP bør PPT dele saksopplysningar og delta i tilbakemeldingsmøte.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan delta i samarbeidsmøte rundt barnet/ungdommen etter behov. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Kommunen skal sørge for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager. Tenestetilbodet skal vere kommunens psykiske helseteneste til barn og unge og komme i tillegg til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon- og skulehelsetenesta og fastlegen. Tenesta skal kartlegge hjelpebehovet hos barn og unge med psykiske plager og tilby behandling og oppfølging.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager. Ein må derfor gjere ei brei kartlegging.

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt, skal psykisk helseteneste først og fremst vurdere omfang og alvor av belastningar og om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan bli brukt både for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Om ein har grunn til å tru at vald og overgrep skjer i nære relasjonar, tar ein direkte kontakt med barnevern og / eller politi utan å informere føresette. Det er viktig å dialog med barnet / ungdommen. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet / ungdommen kva som skal skje vidare. Dersom mistanken ikkje er retta mot føresette, skal foreldra bli involvert i oppfølginga.

Ved mistanke om psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar, må ein vurdere kor alvorlege plager barnet/ungdommen har, og om han/ho treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Ver merksam på at vanskane til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, belastningar og korleis familien fungerer, i kartlegginga.

Vidare kan kartlegginga innehalde faktorar som:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp. Involver eventuelt tillitspersonar.
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet og informasjon om korleis barnet/ungdommen fungerer heime og i barnehage/skule.
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, nettverk og ressursar i familien, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Klassemiljø, konfliktar og mobbing frå medelevar eller lærar
  • Ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold.
  • Samspelet mellom føresette og barn.      
  • Forhold som er relatert til vald, overgrep, omsorgssvikt og andre belastande erfaringar. Her kan ein bruke spørjeskjemaet KATES.
  • Ved indikasjon: spør særleg etter 1) sjølvskading og sjølvmordsrisiko og 2) rusvanar
  • Andre psykiske plager som sosial tilbaketrekking, vanskar med følelsesregulering, samspelsvanskar, åtferdsvanskar, rusproblem, sjølvskading, søvnvanskar, etevanskar og diffuse somatiske plager.
  • Innhente informasjon frå andre instansar etter samtykke, særleg aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg.

I kartlegginga bør ein vere særleg merksam på teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. Ein bør alltid ha dialog med barnet / ungdommen.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente traume eller belastningar

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Ved psykiske reaksjonar etter traume eller belastningar kan aktuelle tiltak vere:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar om konsekvensar av belastningar og korleis det påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike livsområde.
  • Samtaler med barnet/ungdommen der ein legg vekt på å dele vonde erfaringar, styrke sjølvbilde, meistring av plager og eigenomsorg.
  • Rettleiing til føresette i kva som er hjelpsam foreldreåtferd og traumesensitiv omsorg.
  • Familiesamtaler og familieterapi.
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp, Hei-spelet, KAT kassen og liknande. 
  • Foreldrekurs, grupper eller foreldrerettleiingsprogram dersom kommunen har slikt tilbod, eksempelvis Foreldreveiledning i grupper (ICDP) (bufdir.no) eller Circle of Security - foreldreveiledningskurs (bufdir.no).
  • Samarbeid med barnehage/skule og føresette om støtte og tilrettelegging i kvardagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen eller store skulefråvær bør ein drøfte med barnehage/skule om det er grunnlag for tilvising til PPT.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet/ungdommen si sikkerheit første prioritet. Tiltak bør bli tett følgt opp og kontinuerleg evaluert.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga.

Tilvising til BUP kan sendast på grunnlag av alvorlege psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar eller på grunn av mistanke om andre psykiske lidingar som kan være en reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vil vere barnehage/skule, helsestasjon– og skulehelseteneste, PPT, barnevernteneste, fysio-/ergoterapiteneste, fastlege og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle både fysiske og psykiske plager. Barn og unge som har opplevd slike belastningar kan bli tilvist til fysio- og ergoteraitenesta på grunn av fysiske plager eller utfordringar. Fysio- og ergoterapeutar har tett kontakt med barnet i oppfølginga og er fagpersonar barnet kan få tillit til og opne seg for. Undersøking og behandling hos fysioterapeut krev ofte at barnet er avkledd, og tenesta kan derfor avdekke teikn på fysisk vald som blåmerke og skader på kroppen, eksempelvis ved vurdering av ledd og muskelfunksjon.

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt, må tenesta vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan bli diskutert anonymt, eller med personopplysningar, med kollegaer om loven gir heimel for det. Mange kommunar har eigne konsultasjonsteam for vald/overgrep/omsorgssvikt som kan bli brukt for å drøfte og evaluere tiltak og samarbeid.

Ved psykiske eller fysiske plager etter psykososiale belastningar, skal fysio- og ergoterapitenesta først og fremst vurdere utfordringane barnet/ungdommen har med bevegelse og motorikk, og kva dei treng av tiltak for desse utfordringane.

Det er tilrådd med ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behov og ønske om hjelp                                                                                                                                                             
  • Korleis barnet fungerer på ulike arenaer, og deltaking i organiserte aktivitetar.
  • Om motoriske vanskar bidrar til at barnet/ungdommen ikkje kjenner meistring i aktivitet, og derfor vegrar seg for å delta.
  • I kartlegginga bør ein vere merksam på teikn og signal som
    • barnet/ungdommen fortel noko som gir grunn til alvorleg bekymring
    • sosial tilbaketrekking
    • merker på kroppen til barnet/ungdommen
    • emosjonelle vanskar som store humørsvingingar eller sinneutbrot
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen.

Aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapitenesta kan vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar, slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.
  • Styrke barnet/ungdommen motorisk slik at han/ho kan oppleve glede og meistring i daglege situasjonar.
  • Hjelpe barnet/ungdommen å oppleve forståing av livssituasjon eller hendingar, gjennom kroppsleg tilnærming og refleksjon rundt kroppslege symptom                   
  • Rettleie i søknad om og bruk av tekniske hjelpemiddel.

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen har, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av det førebyggande og helsefremmande arbeidet til kommunen. Tenesta samarbeider med aktuelle instansar som barnehage, skule, helsesjukepleiar, PPT, psykisk helseteneste, fastlege, barnevernstenesta og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet sikre at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernet er regulert i barnevernslova.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege åtferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom. På bakgrunn av bekymringsmeldinga gjer barnevernet ei undersøking.

Ut frå tilgjengeleg informasjon må barnevernet vurdere omfang og alvor av belastningane og behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følge rutinane til kommunen for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt.

Som del av undersøkinga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager på grunn av belastningane og om han/ho treng oppfølging frå andre tenester. Barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager som depresjon, sjølvskading, spiseforstyrringar, åtferdsvanskar og rusmisbruk. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Undersøkinga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har,  og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart, og om dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette            
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing
  • Samspel med føresette og jamgamle
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar, åtferd)
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel eller medikament
  • Søvnvanskar
  • Sjølvskading og sjølvmordstankar
  • Bruk av sosiale media og spel
  • Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar

Etter undersøking og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein plan for oppfølging saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved vald, overgrep og omsorgssvikt

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierettleiing
  • Familierådslag og nettverksmøter
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med instansane som familien er i kontakt med

Tiltaka frå barnevernet og planen for oppfølging blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen. Korleis og kven som skal vere med på evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • tilbakemeldingar frå andre instansar
  • status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • vidare ansvar og oppgåvedeling

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

I aktive saker samarbeider barneverntenesta med dei instansane som er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barneverninstitusjonar tar vare på barn og ungdom som ikkje bur saman med foreldra sine, eller som slit med alvorlege åtferdsvanskar eller rus. Det er mange årsaker til at barn og unge ikkje kan bo heime. Det finst også ulike typar institusjonar som omsorgsinstitusjon, akuttinstitusjon, behandlingsinstitusjon og einetiltak i institusjon. Barn og unge som bur i institusjon kan trenge oppfølging frå helsetenester. Institusjonen må samarbeide med aktuelle instansar for å sikre at barnet/ungdommen får nødvendig hjelp.

Kartlegging ved overføring til institusjon

Kartlegging før overflytting til institusjonen:

  • Inntaksmøte med BUF etat, plasseringskommune, skule, PPT, BUP og andre aktuelle instansar
  • Innhenting av opplysningar frå involverte instansar
  • Personalet gjennomfører forvernsamtale med barnet / ungdommen og dei føresette.

Utfyllande kartlegging skal skje dei første tre månadane av opphaldet. Her bruker ein ulike kartleggingsverktøy som:

  • Deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar
  • ASEBA
  • Kartlegging av ADL-ferdigheiter
  • START AV-utredning
  • Somatisk legeundersøking og sjekk hos tannlege.

Basert på kartlegginga lagar institusjonen ein handlingsplan for opphaldet saman med barnet / ungdommen og føresette. Planen må vere basert på tiltaksplan frå plasseringskommunen.

Tiltak frå institusjonen

Tiltak frå institusjonen skal vere utviklingsstøttande og omsorgsendrande. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Traumesensitiv omsorg som metode
  • Etablere hovudkontakt for barnet / ungdommen
  • Utarbeide sikringsplan
  • Lage nettverkskart og planlegge kontakt mellom barnet / ungdommen og nettverket.
  • Rettleiing til føresette og nettverk
  • Rettleiing til skule
  • Gjennomføring av aktivitet saman med barnet / ungdommen.
  • Igangsetting av IP
  • Hovudkontakt / personale deltar i samtaler mellom barnet / ungdommen, skule og BUP.
  • Løypande dialog med skule, enten fysisk eller per telefon.

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skjer samen med ungdommen, føresette og involverte instansar i samarbeidsmøte.

Institusjonane har også eigne spørjeskjema til barnet / ungdommen, føresette, skule og plasseringskommunen som kan nyttast i evalueringa.

Samarbeid med andre tenester

Institusjonen samarbeider jamleg med føresette for å oppdatere planer og tiltak. Det skal  etablerast konkrete samarbeidsavtalar mellom institusjonen og andre  instansar. Aktuelle samarbeidspartnarar er skule, BUP, PPT, fastlege, barnevernsteneste, NAV og politi. Ved utgreiing / behandling i BUP, er det anbefalt at institusjonen deltar aktivt både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløpet og ved avslutning.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal institusjonen sette barnet/ungdommen i kontakt med kommunale tenester eller fastlege for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller traumeraksjonar skal institusjonen i samarbeid med plasseringskommune og fastlege sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Institusjonane har egne prosedyrar for bruk av legevakt og har eigen avtale med BUP ved behov for akuttinnlegging av barnet / ungdommen. ​

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Eininga er ulikt organisert i kommunane, men har tett samarbeid med helse- og omsorgstenesta internt i kommunen, spesialisthelsetenesta og andre sektorar.

Kartlegging ved koordinerande eining

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt pasientforløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt

Ved oppstart av ei ny sak skal BUP gjere ei grunnleggande basisutgreiing som kan bestå av: 

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • ressursar, styrkar og interesser
    • symptom, vanskar, funksjon
    • psykisk status
    • sjølvmordsfare
    • behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • tilknyting
    • utvikling i sped- og småbarnsalder
    • emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt, skal BUP først og fremst vurdere omfang og alvor av belastningane og om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet. I slike tilfelle skal ein følge sjukehuset sine rutinar for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer, eller med personopplysningar om loven gir heimel for det. Om ein har grunn til å tru at vald og overgrep skjer i nære relasjonar, tar ein direkte kontakt med barnevern og / eller politi utan å informere føresette. Det er viktig å dialog med barnet / ungdommen. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet / ungdommen kva som skal skje vidare. Dersom mistanken ikkje er retta mot føresette, skal foreldra bli involvert i oppfølginga.

Ved psykiske reaksjonar etter kjente psykososiale belastningar, skal BUP vurdere alvorsgrad av symptoma og kva som kan vere rett behandling og tiltak. Barn og unge som er utsett for alvorlege traume som omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager. Ein må derfor gjere ei brei utgreiing. Traumesymptom er særleg vanskeleg å oppdage i førskulealder. Utgreiinga må derfor bli tilpassa alderen og utviklingsnivået til barnet. Ver merksam på at symptoma til barnet/ungdommen òg kan vere ein reaksjon på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Ein må derfor kartlegge brett både symptoma, den psykososiale situasjonen og familieforholda til barnet/ungdommen.

Ved belastningsreaksjonar eller traumesymptom kan utvida utgreiing bestå av:

  • Observasjon av barnet/ungdommen på ulike arenaer, som leikeobservasjon, samtaler, barnehage/skuleobservasjon
  • Diagnostisk intervju som KIDDIE-SADS med eventuelle tilleggsmodular
  • Kartlegging av symptom på traume, av dette PTSD eller dissosiative forstyrringar
  • Vurdering av samspel, tilknyting og foreldre si utviklingsstøtte avhengig av alder
  • Kartlegging av symptom på andre psykiatriske diagnosar ut frå symptombilde, som depresjon, angst, spiseforstyrring, ADHD, autismespekterforstyrring eller andre utviklingsforstyrringar
  • Somatisk legeundersøking med supplerande medisinske undersøkingar etter indikasjon
  • Kognitiv vurdering ut frå indikasjon, eksempelvis ved høgt skulefråvær eller lærevanskar
  • Innhenting av informasjon frå andre instansar

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet/ungdommen. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og den eventuelle diagnosen. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og drøfter behovet for vidare oppfølging/behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.​

Tiltak ved psykiske reaksjonar etter kjente belastningar eller traume

Behandlar samarbeider med barnet/ungdommen og/eller føresette om å utarbeide ein behandlingsplan som skildrar planlagde tiltak.

Tiltak frå BUP kan vere:

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Opplæring til barnet/ungdommen og omsorgsgivar/tillitsperson. Sentralt vil vere korleis traume kan gi problem med å regulere følelsar og stress.
  • Rettleiing av omsorgspersonar og samarbeidande instansar i alle fasar av behandlingskontakten.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar og psykososiale belastningar i familien og det nære miljøet til barnet.
  • Sørge for at barnet har tilgang til trygge vaksne og opplever dei som ein trygg base.
  • Tiltak i barnehage/skule/fritid.
  • Tillitsfulle relasjonar og tryggleikstiltak er viktig i heile behandlingsløpet. Det kan vere klokt å etablere eit fast behandlingsteam rundt barnet/ungdommen og at det er fleire behandlarar som kjenner saka.

Psykoterapi

Ein kan bruke ulike behandlingsformer som traumefokusert kognitiv åtferdsterapi (TF-CBT), EMDR, dialektisk åtferdsterapi (DBT), mentaliseringsbasert terapi (MBT), psykodynamiske terapiformer og Child Parent Psychotherapy for førskulebarn. Val av behandlingsform må bli tilpassa alderen til barnet, og  foreldreinvolvering er viktig. Behandlinga inneheld mellom anna:

  • Samtale om tankane og følelsane barnet har, med vekt på emosjonsregulering, stressmeistring og problemløysing.
  • Stabiliseringsfase der ein jobbar med å etablere relasjon, stabilisere symptom og styrke korleis ein fungerer i det daglege. Det kan brukast spesifikke sjekklister for å sikre at stabilisering er tilstrekkeleg, før traumespesifikk behandling blir igangsett.
  • Sikkerheitsarbeid og -vurderingar ved oppstart av behandling og fortløpande under behandlinga. Vurdering bør inkludere sikkerheita til både barnet/ungdommen og andre med tanke på vald/overgrep, suicid, rus og sjølvskading. Utvikling av sikkerheitsstrategiar og integrasjon av ferdigheiter blir vektlagt. Kriseplan kan vere eit aktuelt verktøy.
  • Ferdigheitstrening der ein øver på å handtere traumeminne og stressreaksjonar.
  • Traumebearbeiding og prosessering med gradvis eksponering og endring av uhensiktsmessige tankar og følelsar knytt til traumet. Kroppslege og sansemotoriske teknikkar som musikk, bevegelse, rytme og kontakt med dyr kan vere verksame for å hjelpe barn/ungdom.

Alvorlege traumesymptom kan gi omfattande funksjonsnedsetting i periodar (krise) der det kan vere behov for augeblikkeleg hjelp. I slike tilfelle bør det bli utarbeidd ein krise-/sikkerheitsplan saman med pasienten.

Tiltaka ska bli evaluert fortløpande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. Ved vald, overgrep og omsorgssvikt vil det ofte vere nødvendig med eit systematisk og planmessig samarbeid mellom instansane over tid.

Sentrale samarbeidspartnarar vil vere dei instansane som til ei kvar tid er involvert rundt barnet/ungdommen, som barnehage/skule, fastlege, barnevern, helsestasjon og skulehelseteneste, kommunal psykisk helseteneste, PPT og fysio-/ergoterapiteneste.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Informasjon/tilvising til andre tenester
BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.    

Maŋemus ođastuvvon 2023-06-09