Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

BUP poliklinikk Ålesund

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og ungdom frå 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomføre undersøkingar, gi behandling og råd/rettleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbodet som blir gitt.

Vår seksjon har i hovudsak følgjande kommunar i vår region: Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund. Fritt sjukehusval åpnar for tilvisingar også frå andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det helskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

Seksjonsleiar: Inger Ann Berge 

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til.  Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin. Det kan være fordi ein er svært lei seg, har sterk uro i kroppen eller har vanskeleg for å konsentrere seg.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta, lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at dykk gir oss lov til det. Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Barn og unges helseteneste
Gjenom satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal skal brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten samarbeide om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge innanfor psykisk helse.
Les meir om barn og unges helseteneste

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag: Kl 08. 00-11.30 og 12.00-14.30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
BUP Ålesund
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund.
BUP ligg ca 500 meter aust for sjukehuset.
Innkøyring til Geilebergvegen anten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

​​​​​Forløpskoordinator skal informere, rettleie og gi råd om pakkeforløp før pasientforløpet er starta og fagperson er tildelt. Pasient, pårørande, fastlegar og andre aktuelle i kommunehelsetenesta kan ta direkte kontakt med koordinator for informasjon.

Tlf: 701 67200

Telefontid måndag til fredag frå kl 8.00-11.30 og 12.00-1600

 

Kva er eit pakkeforløp? Les meir på helsenorge.no

      Kurs og møter

      • Autisme/Asperger syndrom - for ungdom - Ålesund
        Tilbod for ungdom frå 13-18 år (frå 8. trinn) med autismespektervansker/ Asperger syndrom som ynskjer kunnskap om og forståing i høve seg sjølv og diagnose.
        Autisme/Asperger syndrom - for ungdom - Ålesund
        Dato kjem