Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Seksjonen tilbyr individuelt tilrettelagt behandling og utgreiing til rusavhengige over 18 år. Behandlinga krev at du kan fungere innan rammene av ein open seksjon. Vi ønskjer å gi eit tilbod til deg der rusproblematikk er den dominerande utfordringa, og ikkje psykiske problemstillingar som overskygger evna til å delta aktivt under opphaldet.

Behandling og utgreiing i avdelinga vert normalt tilbydd i åtte veker, med moglegheit for individuelle tilpassingar. Vi tilbyr og forventar deltaking i poliklinisk ettervern etter avslutta døgnopphald. Innlegging skjer frivillig etter Spesialisthelsetjenesteloven § 3-12. Vi tar også imot innleggingar etter Helse og Omsorgstjenesteloven § 10-2,10-3 og 10-4 og etter Straffegjennomføringsloven § 12.

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund
Postb. 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Praktisk informasjon

Besøkstid er alle dagar, unntatt onsdag, frå kl. 17.00-19.00.​ Ta kontakt med oss før besøket.

Kvardager:

Frukost 07: 45

Lunsj 12:00

Middag 15:30

Kvelds 19:30

 

Lørdag:

Frukost 09:30

Varm lunsj 14.30

Middag 19.00

 

Søndag:

Frukost 09:30

Middag 14.30

Kvelds 19.00