Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spesialisert habilitering SNR

Vi gir tverrfagleg spesialisert habilitering til pasientar over 18 år med komplekse og samansette funksjonshemmingar. Tilbodet er knytt til medfødde eller tidleg erverva nevrologiske og nevropsykiatriske lidingar, gjennomgripande utviklingsforstyrringar og genetisk betinga tilstandar.

Våre tenester 

  • Diagnostisering og tverrfagleg utgreiing/funksjonskartlegging og behandling etter behov. 
  • Direkte oppfølging og rettleiing i pasienten sitt nærmiljø. 
  • Kurs/opplæring til pasient, pårørande og samarbeidspartar. 
  • Psykoedukative gruppetilbod. 

Spesialisert habilitering har eit nært samarbeid med andre fagområde i Helse Møre og Romsdal. For eksempel habilitering av barn og unge, nevrologisk avdeling og psykisk helsevern. 

Bistår kommunane 

Vi bistår kommunane ved førebygging, utforming og gjennomføring av tiltak der ein brukar tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. Kapittel 9) 

Tilvising 

Den som tilviser er som regel fastlegen, eventuelt i samarbeid med andre instansar i kommunehelsetenesta. Det er viktig at tilvisinga inneheld god informasjon slik at vi kan gjere ei best mogleg vurdering. Dette gjeld mellom anna informasjon om medikamentbruk, epikriser frå tidlegare utgreiingar og personen si sjukehistorie.  

Habilitering omfattar ofte både individ- og miljøretta tiltak, og vil involvere mange samarbeidspartar. Før tilvising blir sendt, bør ein drøfte problematikken med aktuelle samarbeidsinstansar lokalt, som for eksempel i ansvarsgruppe eller med kommunal koordinator. 

For at vi skal kunne hjelpe best mogleg ber vi deg som pasient om løyve til å innhente informasjon frå andre instansar. 

Desse kan bli tilvist til spesialisert habilitering 

  • Ein kan bli tilvist til spesialisert habilitering ved for eksempel: 
  • Mistanke om gjennomgripande utviklingsforstyrring (autismespektertilstand).  
  • Mistanke om psykisk utviklingshemming - kognitiv svikt. 
  • Følgetilstandar av medfødde eller tidleg erverva skade i sentralnervesystemet sentralt og perifert (t.d. CP, MMC) og følgetilstandar av muskelsjukdommar (t.d. Duchenne).  
  • Betydeleg språk-/kommunikasjonsvanskar hos personar som tilhøyrer målgruppa.   
  • Åtferdsvanskar hos personar som tilhøyrer målgruppa. 
  • Psykisk liding i målgruppa, med særleg merksemd på dei som har moderat eller alvorlig/djup utviklingshemming. 
  • Mistanke om demens hos pasientar som tilhøyrer målgruppa. 
  • Vanskar knytt til seksualitet i målgruppa. 
  • Andre behov for spesialisert habiliteringsarbeid som følge av funksjonsnedsetting og pasienten sitt behov for tilrettelegging.   

Når det gjeld psykisk liding hos personar med psykisk utviklingshemming og autismespektertilstandar, har spesialisert habilitering og allmenpsykiatrien eit delt ansvar.    

Ventetid 

Vi har faste inntaksmøte, og vurdering skal skje innan 10 arbeidsdagar frå vi har motteke tilvisinga. Denne blir vurdert individuelt og prioritert ut frå «Prioriteringsveileder – habilitering av voksne i spesialisthelsetjenesten». Som hovudregel får ein time i første brev. 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål som gjeld tilvisinga, arbeidsform eller kva slags tilbod tenesta kan gi! 

Omvising i psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Det nye psykiatri- og habiliteringsbygget ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal opna 8. oktober 2024. Her får du ei omvising i det nye bygget.
Sjå video og bildeserie frå psykiatri- og habiliteringsbygget
Fasade psykiatri- og habiliteringsbygget, vist frå atriumhagen.

Kontakt

Ekspedisjon psykiatri- og habiliteringsbygget SNR

Slik finn du fram

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 2b

6450 Hjelset