Behandling
Antibiotikabehandling heime
Enkelte infeksjonssjukdommar krev antibiotikabehandling i fleire veker. Ein berebar infusjonspumpe gir deg moglegheit til å fullføre antibiotikabehandling heime. Du må vere tilkopla infusjonspumpa 24 timar i døgnet.
Antibiotikabehandling
Pumpa eller antibiotikaposen må bytast ein gong for dag. Dette kan utførast av sjukepleiar på sjukehuset anten ved poliklinikk eller sengepost. Etter avtale og opplæring med kommunen din, kan også heimetenesta utføre dette. Då vil du få med deg antibiotikaposar heim. Desse oppbevarer du i kjøleskapet.
Legen din på sjukehuset vurderer når det er trygt for deg å starte opp med antibiotikabehandling heime.
Behandlinga blir primært gitt til pasientar som får antibiotikabehandling i 1-6 veker, som er klinisk stabile og utan behov for hyppig observasjon av helsepersonell etter utskriving.
Du startar opp med anitibiotikabehandling på pumpe medan du er innlagd på sjukehuset, slik at du blir vant til å handtere og gå med utstyret.
Før du kan reise heim
Før du kan reise heim med intravenøs antibiotika, får du lagt inn eit kateter i ei blodåre der antibiotikaen blir gitt. Kateteret blir lagt inn på operasjonsavdelinga, vanlegvis på overarmen med hjelp av ultralyd. Du får bedøving først. Det er vanleg å oppleve lett til moderat smerte i armen den første dagen, men du kan bruke armen som vanleg. Kateteret kan brukast i fleire veker, og sjukepleiaren vil stelle og observere det under behandlinga. Du får nødvendig utstyr med deg heim frå sjukehuset ved utskrivinga.
Under
Du vil begynne antibiotikabehandlingen mens du er innlagt på sykehuset, slik at du blir vant til å håndtere og gå med utstyret.
Sykehuset tilbyr to forskjellige pumper for antibiotikabehandling: CADD-VIP Solis bærbar infusjonspumpe og Baxtor infusorpumpe. Hvilken pumpe du bruker, avhenger av hvilken type antibiotika som brukes.
CADD-VIP Solis bærbar infusjonspumpe
- En bærbar pumpe som bruker 4 AA-batteri.
- Pumpen er innstilt med en sikkerhetskode slik at det ikke er mulig for deg å gjøre uønskede endringer.
- Før utskrivelse vil du få informasjon om pumpen av sykepleieren.
- Det er ønskelig at du eller noen du bor med, kan følge med at pumpen fungerer normalt.
- Du vil få opplæring i hvordan du bytter batteri og håndterer enkle alarmer.
- Du kan håndtere pumpen selv ved de fleste alarmer, men ved luftalarm og tomt reservoarvolum må du få hjelp av sykepleier.
Baxtor infusorpumpe
-
Pumpa er en engangsartikkel og blir byttet ut hver dag av sykepleier.
-
Pumpa inneholder ingen elektronikk og trenger ikke batteri eller lading.
-
Infusjonsfarten er forhåndsinnstilt og kan ikke endres. Pumpen fungerer best i romtemperatur. Høy eller lav temperatur kan påvirke infusjonsfarten.
-
Pumpen fungerer best når den er plassert på samme nivå som inngangen til kateteret ditt (samme nivå som albue/overarm).
-
Ved aktivitet bør veska plasseres over skuldren for å sikre riktig høyde.
-
Dersom pumpa er høyere eller lavare enn kateterkoblingen kan det påvirke infusjonshastigheten.
-
På natta plasser pumpa på omtrent same nivå som kateteret ditt. Ikke legg pumpa under dyna – det kan føre til at legemidlet varmes opp.
-
Du kan fint være aktiv så lenge du unngår at pumpa utsettes for vann, sterk varme eller kulde.
-
En vil se at ballongen inne i pumpa blir gradvis mindre ettersom medikamentmengden minker. Når ballongen er tom må pumpa skiftes av sykepleier.
-
Ta kontakt med sykehuset dersom ballongen inne i pumpa forblir uendra i ett døgn.
Etter
Etter utskriving blir du følgt opp med nødvendige blodprøver og polikliniske timar. Du vil ha open retur tilbake til sengeposten ved klinisk forverring, problem med pumpa eller kateteret ditt. Viss du opplever problem med pumpa eller kateteret, må du kontakte sjukehuset med ein gong!
Dagleg aktivitet
Pumpen blir oppbevart i ei skulderveske eller i eit magebelte. Ha pumpa ved sida av deg i senga eller på nattbordet. Unngå å dekke til utstyret med dynen eller puta, då dette kan føre til at legemiddelet blir for varmt. Du kan utføre vanlege aktivitetar medan du er tilkopla pumpa. Unngå at antibiotikaposen kjem i direkte kontakt med sollys og hald avstand frå peisar/omnar som kan varme opp legemiddelet.
Venekateter
Det skal alltid vere ein steril bandasje over innstikkstaden. Bandasjen skal skiftast minst ein gong i veka av sjukepleiar. Kateteret er ikkje sydd fast og blir halde på plass med eit "låseplaster". Ta kontakt med legen eller sjukepleiaren din viss:
- Det er teikn til rødhet og/eller hevelse rundt staden der kateteret er lagt.
- Du observerer teikn til lekkasje frå infusjonssettet eller innstikkstaden.
- Du observerer at kateteret har sklidd ut.
- Du får feber og frysningar. Dette kan vere teikn på ein infeksjon.
- Det er vedvarande bløding.
Dusjing
Du må vere tilkopla pumpa også dersom du skal dusje. Pumpa toler kondens, men ikkje vatn. Det blir tilrådd at pumpa er utanfor dusjen. Pumpa må ikkje ligge på eit vått underlag. Vern pumpa til dømes med ein plastpose eller pakk den inn i ein handduk. Før dusjing dekker du heile kateteret med kompressar og dusjbandasje. Viss bandasjen blir fuktig, må han bytast av sjukepleiar. Legg dusjing til den dagen sjukepleiaren skal byte bandasjen rundt venekateteret ditt.
Antibiotikaposar
Antibiotikaposer eller antibiotikapumper blir produsert på sjukehusapoteket. Antibiotikaposen er haldbar i 24 timar under infusjon (romtemperatur) og fleire dagar i kjøleskapet (avhengig av type antibiotika).
Legg antibiotikaposane i kjøleskapet med ein gong du kjem heim. Oppbevar antibiotikaposane i midten av kjøleskapet (2-8 gradar). Obs, dei skal ikkje ligge i kjøleskapsdøra eller vere i kontakt med kjøleskapsveggene. Hald dei skild frå matvarer, og dei bør helst ligge på ei eiga hylle i kjøleskapet. Dersom du mottar heimesjukepleie til administrering av antibiotika må du oppbevare antibiotikaen heime i kjøleskapet.
Tomme antibiotikaposar blir leverte tilbake til avdelinga eller på apoteket (pakka inn i plastpose). Viss restavfallet ditt går til forbrenning, kan du legge antibiotikaposane i ein plastpose som blir kasta i restavfallet.
Isoporkassane blir returnerte til sjukehusapoteket eller sengeposten når det er mogleg. Sjukehusapoteket leverer fleire antibiotikaposar heim til deg og tek kontakt med deg ved behov.
Nødvendig utstyr
Viss du manglar utstyr, ta kontakt med sjukehusapoteket. Utstyret kan berre hentast ut på sjukehusapoteket. Utstyret kan hentast eller leverast heim til deg ved behov.
Sensor
I samband med antibiotikabehandling heime testar sjukehuset ut ny sensorteknologi frå Biobeat for å måle blodtrykk, hjartefrekvens, temperatur, pustefrekvens og oksygeninnhald. Ved utskriving blir du kopla til ein brystmonitor eller klokke som vil ta målingar av deg i 5 dagar.
Utstyret tek målingar gjennom heile døgnet og gir nyttig og raskare informasjon om helsestatusen din. Målingane er ikkje meinte for å oppdage akutt forverring. Dette er ikkje ei løysing for akutthjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.