Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pasientkurs

Diabetes type 2 - Ålesund

For deg som har diabetes type 2. Pårørande er også velkomne til å delta.

25.
guovvamánnu
2025
3 dagar
  1. 25. guov 2025
  2. 27. njuk 2025
  3. 29. cuo 2025

Tid og stad

Når

  1. 25. guov 2025
  2. 27. njuk 2025
  3. 29. cuo 2025

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med diabetesforbundet og Lærings- og meistringssenteret

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Tilvising skal sendast elektronisk til diabetespoliklinikk, Ålesund sjukehus.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om diabetes, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med diabetes.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Om diabetes
  • Føtter og diabetes
  • Behandling og komplikasjonar
  • Blodsukkermåling
  • Meistring av sjukdommen
  • Rettar

Praktiske opplysningar

Bevertning: Kaffi/te, frukt og lunsj. Faktura sendast i etterkant av kurset. Gje beskjed dersom du har allergiar eller ikkje ønsker bevertning.

Dersom du ikkje kan møte har vi avmeldingsfrist som regel ei veke før kursstart. Avmelding til: diabetespoliklinikken 70 10 50 00 (sentralbord- for å bli satt over) 70 10 53 83 – sekretær v/diabetespoliklinikken.

Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.

Venleg gje beskjed i god tid dersom det er særskilde behov vi skal ta omsyn til f.eks. kost, høyrsel etc.

Tenk gjerne gjennom spørsmål på førehand.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Diabetesforbundet

Kontakt