Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Diagram

Barneblikk

Ei ressursside for gravide og småbarnsforeldre med rus eller psykiske vanskar i Møre og Romsdal.

Kontakt barneblikk

Barneblikk familieteam gir utvida oppfølging til gravide og småbarnsfamiliar som er berørt av rus eller psykiske vanskar. Nokre kan vere berørt som følge av å ha desse vanskane no eller tidlegare i livet, nokre er berørt som følge av å vere pårørande.  I familiar som er berørt av rus eller psykiske vanskar, kan både barna og dei vaksne trenge hjelp og støtte. Difor vert heile familien involvert i kontakta med Barneblikk familieteam.

Familien kan ha ulike behov

Barneblikk familieteam er opptatt av kva som er viktig for barnet, kva som er viktig for det einskilde familiemedlem, og kva som er viktig for familien som heilheit.

Familien kan få tilbod om samtalar og heimebesøk som til dømes:

  • få oversikt over familien sin situasjon og kva som kan gjere kvardagen lettare
  • styrke foreldra i foreldrerolla, om barnet si utvikling og korleis familien kan få det betre saman
  • familie-/ barne-/ søsken- og par-samtalar
  • hjelp til å meistre utfordringar på ulike livsområder
  • nokon å kontakte når ein treng ein prat

Familien kan få hjelp til å kontakte andre hjelpetenester:

  • få informasjon om aktuelle hjelpetenester, behandlingstilbod og frivillige tilbod
    hjelp til å ta kontakt
  • få ein følgjevenn i møte med andre tenester
  • hjelp med å koordinere når det er behov for andre tenester

Barneblikk familieteam tilbyr også rettleiing til samarbeidspartnarar om familiar med rus og psykiske vanskar.

Ved første kontakt mellom familien og Barneblikk familieteam:

  • familien skal vente eit barn eller ha eit barn under 1 år
  • familien skal vere berørt av rus eller psykiske vanskar hos ein eller begge foreldra (no eller tidligare), søsken eller i andre nære relasjonar
  • vanskane skal vere i ein tidleg fase eller vere «lettare til moderate» (funksjonen i kvardagen er avgjerande)
  • det skal vere få instansar i kontakt med familien

Oppfølginga startar før barnet er under 1 år og kan halde fram til barnet byrjar i 1.klasse. På den måten vil familiane ha ei fast teneste å halde seg til i heile denne perioden.

Korleis kome i kontakt

Ein treng ikkje tilvising for å komme i kontakt med Barneblikk familieteam, og tilbodet er gratis. Familiane kan sjølve ta kontakt eller få andre til å ta kontakt for seg. Sjå kontaktinformasjon under kvart av Barneblikk familieteama her på nettsida.

Tilsette i Barneblikk familieteam

Dei tilsette kan mykje om både barn og familiar, og har erfaring frå barne- og vaksentenester, frå kommune og spesialisthelsetenesta.

Kvar finnes Barneblikk familieteam?

Tilbodet er starta opp i Ålesund, Molde, Ulsteinvik og Kristiansund. Den langsiktige planen er å utvide nedslagsfeltet til alle kommunane i Møre og Romsdal.

Kva skjer når familien er berørt av rus og psykiske vanskar

Når nokon i familien strevar med den psykiske helsa eller med rusproblem, verkar det inn på alle i familien. Den som slit, kan ha nok med sin eigen tilstand og klarer kanskje ikkje bidra i familien som ønskeleg. Dei andre vaksne i familien bekymrar seg ofte for den som er «sjuk», og bruker mykje energi på at familien skal fungere godt. Det kan resultere i at det blir mindre overskot til arbeid, eige nettverk og oppfølging av barna.

Sjølv om foreldra prøver å beskytte barna for vanskane i familiane, vil barna legge merke til sinnsstemningar og forandringar i kvardagen. Dette kan verke forvirrande og utrygt, og barna vil på sin måte bidra til at foreldra får det betre. Mange av barna tek difor på seg oppgåver dei ikkje er modne nok til. Det er difor viktig at heile familien får hjelp og rettleiing når nokon er berørt av rus- eller psykiske vanskar.

Bakgrunnen for Barneblikk familieteam

Helse og omsorgsdepartementet har pålagt alle helseføretak å etablere heilskaplege og langsiktige oppfølgingstenester for gravide og småbarnsfamiliar med rusproblem eller psykiske vanskar. I Møre og Romsdal er tilbodet ei samhandlingssatsing mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Barneblikk familieteam er difor etablert i kommunar som er nært knytt til lokalsjukehusa.
Barneblikk er eit tilbod som fortsatt er i utvikling og informasjon om arbeidet kan du fylgje på denne websida. 





Barneblikk familieteama i Møre og Romsdal

Familieteama gir oppfølging til gravide og småbarnsfamiliar som er berørt av rus eller psykiske vanskar. I familiar som strevar, kan både barna og dei vaksne trenge hjelp på ulike livsområder. Difor vert heile familien involvert i oppfølginga.
Barneblikk

Tilbakeblikk

Oppdraget frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) er å etablere heilskaplege oppfølgingstilbod til gravide og småbarnsfamiliar som er berørt av rusproblem eller psykiske vanskar. Desse tilboda vert kalla Barneblikk familieteam. I Barneblikk vert helsedirektoratet sin definisjon av lavterskeltilbod brukt.

Definisjon av lavterskel

  • Direkte hjelp uten henvising, venting og lang saksbehandling
  • Kan oppsøkast av brukarar utan betalingsevne
  • Tilgjengeleg for alle
  • Kan tilby tidlege og adekvate tiltak, samt vere ein «los» vidare i systemet
  • Har personell med kompetanse til å oppfylle formålet til tenesta
  • Ha åpningstid tilpassa målgrupper og formål
  • Høy grad av brukarinvolvering og aksept for brukerane sine ønskjer/behov
  • Framstår som et synleg, tydeleg, hensiktsmessig og tillitsvekkande stad for innbyggarane å nytte
  • Helheitleg familieperspektiv

Det vil være krevjande for dei fleste kommunar å gjennomføre et slikt oppdrag åleine. Oppdraget er difor tildelt helseføretaket som har eit betre utganspunkt for å koordinere samarbeid om tilboda. Det er difor naudsynt med eit tett samarbeid på tvers av fag, etatar, forvaltningsnivå og ulike satsingar.

Forankring

I forarbeidet til Barneblikk (2015) har ei gruppe frå kommunar og helseføretaket kome fram til at tilbodet skal ha sterk forankring i kommunen.

Barneblikk er forankra hos administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, aktuell klinikkleiing, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og kommunene Ålesund, Molde, Kristiansund og Ulstein.

Brukarmedverkand

Når nokon slit med rus eller psykiske vanskar vil heile familien verte påverka. Barneblikk-satsina har stor grad av brukarmedverknad der brukarar og pårørande er med i styringsgruppa, i plangrupper og ulike arbeidsprosesser.

Geografisk spreiing

For å sikre geografisk spreiing skal familieteam etablerast i vertskommunane til sjukehusa i Møre og Romsdal. I fyrste omgang gjeld dette Kristiansund kommune, Molde kommune og Ålesund kommune. Sidan Volda kommune avslo tilbodet, har Ulstein kommune gått inn i samarbeidet.

Organisering av Barneblikk  

Familieteama

Barneblikk familieteama skal bidra til ei langsiktig oppfølging og ha eit heilskapleg familiefokus. Tverrfaglege lokale team med tilsette frå kommuna og helseføretaket har utarbeida modellen og konkretisert oppgåver for familieteama. Etter kvart skal det vurderast om Barneblikk familieteama skal inngå i eit interkommunalt samarbeid med kringliggande kommunar.

Bakgrunnsmateriale

BB avtalen signert 2019

Evalueringsplan 2019

Handlingsplan 2021

Møreforsking forprosjekt 2021

SWOT Barneblikk 06.10.2021


Maŋemus ođastuvvon 2024-12-12