Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Meld eit samhandlingsavvik

Dette er eit skjema der kommunar og fastlegar kan melde frå om samhandlingsavvik til Helse Møre og Romsdal HF

Brot på  samarbeidsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal eller tilhøyrande retningsliner kan meldast som samhandlingsavvik. Også enkelthendingar der noko ikkje har fungert i samarbeidet, kan meldast som samhandlingsavvik. Føremålet er kvalitets- og forbetringsarbeid.

Når tilsette i kommunar eller fastlegar avdekker uønskte hendingar (brot på samarbeidsavtalen, retningsliner eller andre uønskte hendingar) i samhandlinga med helseføretaket.

Kommunale einingar innan helse og fastlegar.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/Insender

Logg på Altinn og gå til Profil for å sjå kva rolle du har.


Viss du ikkje ønsker å fylle ut Altinn-skjema som privatperson, men på vegne av verksemda du jobbar i, må du få delegert tilgang til enkelttenesta «Melding om feil i Helseplattformen (HMR HF)» eller rolla Utfyller/Innsender. Det er tilrådd å berre gi tilgang til enkelttenesta. Her finst informasjon om det å delegere.

Rettleiar til korleis ein tildeler tilgang til aktuelle skjema for fakturaklage og samhandlingsavvik

Maŋemus ođastuvvon 2024-08-13