Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En gruppe kvinner som smiler

Informasjon til våre nytilsette

​Viktig informasjon til nytilsette

Som nytilsett i Helse Møre og Romsdal blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som kvar dag arbeider for pasientens beste. Her finn du informasjon som er viktig for deg og ditt arbeidsforhold.

Sjå også "Frå ny til lommekjent på 20 minutt"

(Du kan få opp ein dialogboks når du opnar worddokument i nettlesaren. Trykk avbryt på denne). ​

For at vi skal berekne korrekt lønsansiennitet, må du sende inn dine arbeidsattestar/tenestebevis samla og snarest mogleg dersom det ikkje er lagt inn digitalt når du søkte stillinga. Attestar og tenestebevis kan du sende hit: personal@helse-mr.no
 
Dersom vi mottar arbeidsattestar/tenestebevis etter du har tiltrått, så blir lønsansienniteten gjeldande frå den datoen vi mottok bevisa.   
Berekning av din lønsansiennitet gjer vi ved tilsetting/utarbeiding av arbeidsavtale. 

Berekninga baserer seg på:    
  • Alt offentleg og privat arbeid etter fylte 18 år
  • Fødselsattest barn/omsorgsarbeid med inntil 3 år
  • Førstegangsteneste/verneplikt
  • Fråvær utan lønn i tilknyting til nedkomst og adopsjon medreknas med inntil 2 år i lønsansienniteten
  • Fagarbeidar med avlagt fagprøve får verdiskapningsdelen av læretida medrekna i lønsansiennitet

Arbeidsattestar/tenestebevis skal vise start- og sluttdato, samt kor mykje du har jobba i prosent eller antall timar.

For legar i spesialisering blir ikkje lønsansienniten berekna ved nytilsetting. Lønn blir fastsett iht. til gjeldande overeinskomst. 


For stillingar som krev politiattest skal du bruke signerte arbeidskontrakt/rammeavtale til søknaden om politiattest på politiet si nettside

Politiet sender deg politiattesten elektronisk og du sender/leverer den til din næraste leiar.

Politiattesten skal du legge fram før du tiltrer i stillinga, og den må ikkje vere eldre enn 3 månader.

Det er viktig at du får registrert følgande opplysingar i pc-programmet «Min Arbeidsplan» første arbeidsdag:     
  • kontonummer
  • telefonnummer
  • opplysninger om pårørande
  • eventuelle barn (med fødselsdato)
  • bierverv/ikkje bierverv
Personopplysningane dine skal alltid vere oppdatert, og dette gjeld så lenge du er tilsett i Helse Møre og Romsdal.

ID-Kort
Første arbeidsdag tek du med deg pass til Servicetorget (som du finn på alle sjukehusa) kor du får utstedt ID-kort. Husk at du skal alltid ha med deg ID-kortet på arbeid. Kortet er personleg og du må aldri låne det bort.

Opplæring
Vi har ein eigen Kompetanseportal på vår intranett side. Her får du som nytilsett tildelt kompetanseplanar som innheld grunnleggande og generelle planer/informasjon om helseføretaket. Her får du til ei kvar tid oversikt over den kompetansen du må ha og læringsmål knytt til di stilling.


Dersom du er fagorganisert, må du sende inn dokumentasjon til epost: personal@helse-mr.no slik at riktig overeinskomst blir knytta til ditt arbeidsforhold.

Hos Skattetaten kan du kontrollere grunnlaget for berekning av ditt skattetrekk og endre skattekort.

Som utanlandsk arbeidstakarar så må du ha gyldig oppholdstillatelse for heile arbeidsforholdet.      
Dersom du har arbeid i heimlandet ditt, så må du kvart år innhente A1-skjema hos folketrygda/forsikringskassa i ditt heimland for å få riktig pensjonsopptening. Skjemaet sender du til Lønns-seksjonen: lonnskontoret.hmr@helse-mr.no
 

Her finn du nyttig informasjon om dei reglane som gjeld knytt til arbeidstid:


Om du har spørsmål kring dine moglegheiter til å arbeide etter pensjonsuttak, så kan du ta kontakt med KLP via denne nettsida eller på tlf. 55 54 85 00.

Du kan også forhøyre deg med HR-seksjonen i helseføretaket på epost:
hr-radgiver@helse-mr.no

Når du har signert arbeidsavtalen får du tildelt PC- tilgangar utfrå dine behov. Du får brukernavn og passord frå din leiar første arbeidsdag. Tilgang til «Min Arbeidsplan» vil du få tilsendt frå HR-seksjonen på SMS.

Du få tildelt arbeidstøy som etter gjeldende retningsline ved sjukehusa dersom dette er aktuelt. Kor du finn garderoben og ytterligare informasjon får du av din nærmaste leiar.

Helse Møre og Romsdal har fire sjukehus og fleire frittliggande institusjonar. Det er difor ulike reglar som gjelde på dei forskjellige lokasjonane. Ta difor kontakt vedrørande parkering med din nærmaste leiar før første arbeidsdag. 

Vi tilbyr yrkesvaksinering til utvalgte yrkesgrupper. Tilbodet er styrt etter risikovurderingar som er gjort ved de ulike avdelingane. Har du ei administrativ stilling som ikkje har kontakt med pasientar eller pasientutstyr/inventar tilbyr vi kun vaksine mot sesonginfluensa.






Maŋemus ođastuvvon 2023-06-22