Vårt leiarprogram
God leiing er avgjerande for kvalitet, pasientsikkerhet, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling. Vi skal vere ein spennande arbeidsplass, og treng fleire dyktige og motiverte leiarar i åra som kjem. Vi legg difor til rette for at tilsette kan velge leiing som mogleg karriereveg.
Vårt fokus er ei kontinuerleg og strukturert opplæring for å utvikle trygge og motiverte leiarar som vil stå i leiarrrolla over tid.
Vi oppfordrar difor deg som:
- er engasjert i jobben din og som brenn for god pasientbehandling
- ønsker å påverke utviklinga av helsetenesta og faget ditt gjennom samarbeid med andre
- er opptatt av å spele andre gode og som blir motivert av å lukkast saman med andre
- er løysningsorientert og har mot til å ta tak i utfordringar
- er sjølvgåande, strukturert og har evne til å jobbe systematisk og langsiktig med ulike prosessar
til å starte på ein karriereveg mot leiing.
Maŋemus ođastuvvon 2023-12-08