Medverking frå tilsette
Nye SNR vil medføre at tilsette må jobbe på nye måtar. Nye bygg og areal er tilpassa nye konsept der tilsette må ta i bruk nye arbeidsmetodar for å sikre ei trygg og framtidsretta pasientbehandling.
Brei medverking frå tilsette
For å sikre gode driftsmessige løysingar og gode arbeidsforhold har prosjektet lagt vekt på å involvere tilsette undervegs i prosjektutviklinga.
Tilsette frå både medisinske- og ikkje-medisinske miljø, samt tillitsvald- og vernetenesterepresentantar har delteke aktivt i planlegginga av sjukehusprosjektet frå starten.
I alle delutgreiingane har det vore oppnemnt planleggingsgrupper av tilsette-, pasient- og brukarrepresentantar, tillitsvalte og verneteneste. Planleggingsgruppene har vore breitt samansett med representantar hovudsakleg frå sjukehusa i Kristiansund og Molde. Medverkingsgruppene har hatt ei rådgjevande funksjon, og har bidrege med innspel og kvalitetssikring av konsept og løysingar i tett samarbeid med kollegaer og prosjektorganisasjonen.
Gjennom konseptfasen, forprosjekt og vidareutvikling av forprosjektet har 150 tilsette vore oppnemnt for å ivareta medverkinga i dei ulike planleggingsgruppene.
Gjennom ein samhandlingsfase i 2020 jobba prosjektorganisasjonen i tett samarbeid med entreprenør og deira underleverandørar med å vidareutvikle SNR Hjelset Medverkingsgruppene frå førre forprosjekt blei vidareført og deltok med å vurdere og gje innspel til nye teikningar, løysingar og utforming av funksjonsområda.
Etter godkjent optimalisert forprosjekt har tilsette og brukarar bistått med å kvalitetssikre og vidareutvikle funksjonsområda i SNR Hjelset inkludert utstyr og innreiing av romma.
Tilsette har også vore involvert i å sikre konkurransegrunnlag for nye entreprisar og planlegge anskaffingar av medisinskteknisk utstyr.
Planleggingsgruppene
Gruppe | Funksjonsområde |
1 | Sengeområde |
2 | Poliklinikkar |
3 | Akuttmottak |
4 | Bildediagnostikk |
5A | Operasjon og sterilsentral |
5B | Intensiv og tung overvaking |
6 | Psykisk helsevern og rus |
7 | Ikkje medisinsk og teknikk |
8 | Kontor, forsking og undervising |
9 | Laboratoriemedisin |
10 | Apotek og medisinforsyning |
12 | DMS i Kristiansund |