Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Om SNR

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) skal stå klart våren 2025 og vil bestå av eit nytt felles akuttsjukehus og psykiatri- og habiliteringsbygg på Hjelset, samt eit godt dagtilbod i Kristiansund med polikliniske tenester, dagbehandling og dagkirurgi. SNR skal sikre innbyggarane betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetid.

 

En gruppe mennesker som går på en vei med bygninger og trær


 

 

  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal erstatte dei to sjukehusa i Kristiansund og Molde, samt sjukehuspkykiatrien på Hjelset og vil dekkje eit opptaksområde i Nordmøre og Romsdal på om lag 120 000 innbyggarar. 
  • Det prosjektutløysande behovet for SNR er den nedslitne og uhensiktsmessige bygningsmassa ved Molde sjukehus og ved sjukehuspsykiatrien på Hjelset. Sjukehuset i Kristiansund er heller ikkje godt nok utforma og tilrettelagt for moderne sjukehusdrift.
  • SNR Hjelset skal byggast på strekninga mellom Kristiansund og Molde. Sjukehustomta er på Hjelset, om lag 20 km utanfor sentrum i Molde, og om lag 50 km frå Kristiansund. Byggestart for SNR Hjelset var 19. juni 2021.
  • Det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund skal vere i eksisterande sjukehusbygg i Kristiansund. I 2018 blei det starta opp eit felles prosjekt mellom Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og Nordmøre IPR som samarbeidar om å utvikle tenesteinnhaldet i DMS i Kristiansund. HMR sitt pasienttilbod i DMS kallast SNR Kristiansund.
  • Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal stå klart til bruk i 2025.

Samla arealbehov: Blir avklart i optimalisert forprosjekt for SNR Kristiansund

  • Akuttsjukehuset på Hjelset blir om lag 60 000 m² 
  • SNR-arealet i Kristiansund vil bli avklart i optimalisert forprosjekt

Økonomisk ramme

  • Budsjettet inkludert tilskudd fra GassRoR IKS er 6,590 mrd. kroner (april. 2023-kr)
  • Bereevneanalysen viser at prosjektet kan gjennomførast innafor HMR og HMN sine økonomiske rammer og føretaka har bereevne for SNR.
  • Det er berekna at samanslåinga av sjukehusa i Kristiansund og Molde vil bidra til ein årleg innsparing på om lag 110 millionar kroner.

Milepæler i prosjektet

  • Byggestart for SNR Hjelset - 19. juni 2021
  • Tett bygg teknisk sentral - våren 2022
  • Bygging psykiatri- og habiliteringbygg – sommar 2022 – våren 2024
  • Innvendig arbeid somatikkbygg – hausten 2022 – hausten 2024
  • Optimalisert forprosjekt for SNR Kristiansund – hausten 2022 – våren 2023 
  • Tettbygg somatikkbygg – våren 2023
  • Testing av bygg og tekniske installasjonar – hausten 2023 – hausten 2024
  • Ferdig psykiatri- og habiliteringsbygg – hausten 2024
  • SNR ferdig både på Hjelset og i Kristiansund – våren 2025

Gjennomføringsfasen inneheld alle aktivitetar som skjer frå januar 2018 og fram til SNR står ferdig.

Fasen tek for seg ein rekkje ulike oppgåver:

  • Byggestart for SNR Hjelset. 19. juni 2021 markerte daværande statsminister Erna Solberg byggestarten for SNR med ei nedlegging av grunnsteinen for prosjektet. Tverås Maskin hadde grunnarbeidet på sjukehustomta og i oktober 2021 ​​starta HENT AS opp arbeidet knytt til råbygget for akuttsjukehuset. 
  • Funksjonsprosjektet for akuttsjukehuset. Prosjektet blei kvalitetsikra. Arbeidet bestod i detaljering, med mellom anna utteikning av alle rom, utstyrsplassering og materialbruk. Funksjonsprosjektet blei avslutta i november 2021 og ein starta deretter med detaljprosjekteringa.
  • Optimalisering av forprosjekt. I samhandlingsfasen blei SNR Hjelset vidareutvikla for å komme fram til ei byggløysing som skulle sikre ei trygg økonomisk gjennomføring av prosjektet. 10. juni 2020 vedtok styret i HMR optimalisert forprosjekt for SNR Hjelset.
  • Infrastruktur. I februar 2020 blei det lyst ut en konkurranse for bygging av to nye bruer over Oppdølsvegen inn til sjukehustomta. Arbeidet med bruene blei avslutta i juni 2021
  • DMS-prosjektet: Prosjektet skal vidareutvikle tenestetilbodet som skal vere i DMS i Kristiansund. Les meir om

 HMR sitt tenestetilbod i Kristiansund

  • I 2003 uttalte styra i Helse Nordmøre og Romsdal HF og i Helse Midt-Norge seg gjennom ein samla plan at det skulle opprettast eit breitt sjukehustilbod i begge bykommunane, og at det skulle byggjast eit nytt sjukehus i Molde.
  • I 2006 vedtok Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Midt-Norge å byggje eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Byggestart var satt til 2012.
  • Fram til slutten av 2009 var det einigheit om at regionen skulle ha to lokalsjukehus med fulle funksjonar – eitt i Kristiansund og eitt i Molde.
  • I desember 2009 vedtok styret å utgreie flytting av fødeavdelinga og akuttkirurgi-avdelinga i Kristiansund til Molde, noko som provoserte i Kristiansund. Det endelege vedtaket kom i mars året etter.
  • I 2011 blei Helse Nordmøre og Romsdal slått saman med Helse Sunnmøre til Helse Møre og Romsdal. Same år bestemte regjeringa at det skulle utgreiast igjen om det skulle vere eitt eller to sjukehus i regionen.
  • Astrid Eidsvik blei same året utnemnt som adm.dir. for heile organisasjonen.
  • I desember 2012 vedtok Helse Møre og Romsdal ein utviklingsplan som konkluderte med at det skulle planleggast for eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Helse Midt-Norge slutta seg til konklusjonen i planen. I tidlegfasa/idéfasa i planlegginga skulle også tomtevalet for nytt sjukehus gjerast. Til saman seks alternative tomter blei presentert og vedtaket skulle gjerast i desember 2014 både i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Norge. Etter høyringsrundane var det tre tomteforslag igjen: Opdøl i Molde, Storbakken i Kristiansund og Astad i Gjemnes.
  • 4. desember 2014 gjekk administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, av på dagen fordi ho meinte at Helse Midt-Noreg ikkje hadde tillit til henne.
  • 8. desember 2014; Dag Hårstad blei konstituert som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • 10. desember 2014 la Helse Møre og Romsdal fram styresaka utan innstilling.
  • 11. desember 2014 gjekk Helse Midt-Norge inn for at det nye felles sjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde. Sjukehuset skulle også inkludere poliklinikk/dagbehandling/DMS-tilbod i Kristiansund.
  • 17. desember 2014 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 18. desember 2014 vedtok Helse Midt-Norge at akuttsjukehuset blei lagt til Opdøl i Molde.
  • 19. desember 2014 vedtok helseminister Bent Høie i føretaksmøte at sjukehuset skulle liggje på Opdøl i Molde, i tråd med vedtaka frå dei to helseføretaka.
  • Februar 2015. Kontroll- og konstitusjonskomiteen gjennomførte ei høyring som hadde som mål å avdekke om statsråden hadde gitt styringssignal i forkant av tomtevalet, og utanom føretaksmøta.
  • Mai 2015. Komiteen konkluderte at statsråden ikkje hadde gått utanom styringslina.
  • Oktober 2015. Kristiansund kommune stemna Helse Midt-Norge for retten, med krav om dom på ugyldigheit av vedtak om tomteplassering av akuttsjukehuset.
  • Juni 2015. Espen Remme blei tilsett som ny administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
  • September 2015. Oppstart av konseptfasen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • 9.mars 2016 sakshandsama styret i Helse Møre og Romsdal hovudfunksjonsprogrammet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • Mai 2016. Rettsak om sjukehussaka i Inntrøndelag Tingrett.  
  • 30. juni 2016. Helse Midt-Noreg frikjend i sjukehussaka.
  • 30.august 2016. Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok å sende konseptrapporten ut på høyring.
  • 1.september 2016. Konseptrapporten sendt ut på høyring.
  • 6. september 2016. Kristiansund kommune vedtok å anke dommen i sjukehusrettsaka inn for lagmannsretten
  • 15. november 2016 la administrerande direktør, Espen Remme, fram styresaka og si innstilling til vedtak. Remme tilrådde alternativ 2A: akuttsjukehus på Hjelset og eit DMS ved eksisterande sjukehus i Kristiansund med eit dagkirurgisk tilbod.
  • 25.november 2016 vedtok eit einstemming styre i Helse Møre og Romsdal konseptrapporten.
  • 8.desember 2016 vedtok  eit einstemming styre i Helse Midt-Norge konseptrapporten. Styret ga med det klarsignal for oppstart av forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i 2017.
  • Februar 2017. Oppstart av forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
  • 11.august 2017 forkasta lagmannsretten anka frå Kristiansund kommune. Saka gjaldt overprøving av Helse Midt-Norge sitt vedtak om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset utanfor Molde. 
  • 29.november 2017 godkjente styret i Helse Møre og Romsdal forprosjektet for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • 7.desember 2017 fatta styret i Helse Midt-Norge byggevedtak for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • 19.desember 2017 vedtok Stortinget bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal
  • Desember 2017 blei konkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset lyst ut. Planlagd byggestart var november 2018 med ferdigstilling våren 2022.
  • 8.desember 2017 blei Helse Møre og Romsdal, Kristiansund kommune og ORKidé - Nordmøre regionråd einige om å starte eit felles prosjekt for å utvikle helsetenestetilbodet i det nye distriktsmedisinske senteret i Kristiansund.
  • 13.juni 2018 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å avlyse anbodskonkurransen for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Avstanden mellom prosjektet sitt økonomiske styringsmål og dei innkomne tilboda var for stor.
  • 10.mai 2019 blei ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset lyst ut. Planlagd byggestart medio 2020 og full drift ved akuttsjukehuset første halvdel 2024.
  • 22.oktober 2019 inngikk Helse Møre og Romsdal kontrakt med Skanska Norge AS om vidareutvikling av akuttsjukehuset på Hjelset. Gjennom samhandlingsfasen er målet å redusere kostnadane ned til styringsramma for prosjektet.
  • 10. juni 2020 godkjente styret i Helse Møre og Romsdal eit optimalisert forprosjekt for SNR. Det danna grunnlag for vidare arbeid med funksjonsprosjekt og detaljprosjektering.
  • 21. januar 2021 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å avbestille resterande arbeid i kontrakten med Skanska Norge AS. Partane kom ikkje til einigheit om eit pristilbod for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Styret vedtok i same møte å tilrå nye økonomiske rammer for prosjektet og der kostnadsramma blir auka til 5 950 MNOK. 
  • 27. januar 2021 vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å lyse ut nye tilbodskonkurransar for prosjektet. 
  • 4. mars 2021 vedtok styret i Helse Midt-Norge å utvide låneramma for SNR. Ny kostnadsramme for prosjektet er 6, 106 mrd. kroner. Styringsramma for prosjektet er 5, 450 mrd. kroner (tal i januar 2021-kroner)
  • 19. juni 20201 la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dette markerte også byggestarten for akuttsjukehuset på Hjelset.​
  • 30. juni 2021 signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med HENT AS om fundamentering, råbygg og tett bygg for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
Maŋemus ođastuvvon 2023-07-12