Styret i Helse Møre og Romsdal
Styret skal sjå til at Helse Møre og Romsdal driv i samsvar med føremålet, vedtektene og retningslinjene som er fastsette av føretaksmøtet, og i tråd med strategiar, planar og budsjett som er vedtekne av styret. Styret skal óg sikre at samfunnsansvaret blir teke på alvor.
Styret i Helse Møre og Romsdal består av 8 faste medlemmar, der 5 er oppnemnde av Helse Midt-Noreg og 3 er valt av dei tilsette. Styremedlemmane representerer ikkje politiske organisasjonar, interessegrupper eller geografiske område, men møter som individuelle personar.
Styremøta i Helse Møre og Romsdal er opne, og vi streamar møta direkte.
Styreadministrasjon
Gjennom styreadministrasjonen vår får du tilgang til sakspapir, vedtak, presentasjonar, møtekalender og medlemsoversikt.
Maŋemus ođastuvvon 2024-04-15