- Strandgata 1, Molde
Poliklinisk seksjon for rus- og avhengigheitsbehandling held til her. Poliklinikken er ein del av tilbodet ved Molde behandlingssenter, men har eiga adresse like ved fergekaia i Molde sentrum.
- Aure rehabiliteringssenter
Aure rehabiliteringssenter har døgnplassar til pasientar som treng tverrfagleg rehabilitering i ei avgrensa periode.
- Hjelset
Sjukehusområdet på Hjelset ligg omlag 20 km aust for Molde sentrum. Her finn du sjukehusseksjonane for Akuttpsykiatri og Rehabilitering i paviljongbygg A medan seksjon for Alderspsykiatri er plassert i paviljongbygg B. Dei tre seksjonane gir tilbod om behandling til innbyggjarane i Nordmøre og Romsdal. Det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir no bygd på området. Dette medfører stor anleggstrafikk og til tider krevande køyreforhold. Følg skilting.