Aure Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal HF. Vi gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonsvanskar. Rehabiliteringstilbodet byggjer på ei tverrfagleg samhandling med pasienten, pårørande og omgjevnadane.
Tilvising frå fastlegar og andre avdelingar på sjukehus. Søknadane blir i hovudsak vurdert i inntaksnemnd kvar tysdag.
Søknadar skal sendast elektronisk til:Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabiltering
Felles inntaksnemnd
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Det er dagleg bussruter frå Kristiansund og Trondheim. Bussen stoppar i sentrum, ca 3 km frå Aure rehabiliteringssenter. Du kan bestille drosje frå Aure taxi 99 11 66 90
Kvernberget lufthavn i Kristiansund er næraste flyplass. Derifrå blir det buss og drosje til Aure.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.
Passord på SMSNår du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.
Permisjon på kveldstid/natt kan avtalast om ønskeleg.
Reiseutgifter i samband med permisjon må kvar enkelt dekke sjølv.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta
Ved inn- og utskriving dekker Pasientreiser den rimlegaste reisemåten. Ved reise med offentleg transport eller skyss av pårørande, kan du søke om refusjon av reiseutgister på nett. Vi har også skjema i resepsjonen. Hugs å ta vare på kvitteringane.
Informasjon om Pasientreiser finn du på helsenorge.no
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Her er ei liste over utstyr du må ta med deg til opphaldet:
NB: Ver vennleg å unngå bruk av parfyme og andre produkt med sterk lukt, då andre ved senteret kan reagere på dette. Dette gjeld også for pårørande.
Vi anbefaler at du ikkje tar med store verdiar. Vi har safe som kan brukast ved behov.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.