Vi kan hente deg på flyplassen om du kjem med fly til Molde lufthavn Årø, eller på rutebilstasjonen om du kjem med buss til Molde.
Poliklinisk seksjon Molde ligger i Sandvegen 8, Molde sentrum du kan lese om det her
Parkering og inngang ved Molde behandlingssenter (pdf)
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande
Ta kontakt med personalet for informasjon om trådlaust nett.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta
Brukarane av Molde behandlingssenter har ei gruppe frivillige brubyggjarar som mellom anna bidreg til nettverksbygging, er kontaktskaparar til eit normalt samfunnsliv, byggjer ned barrierar mot vanleg sosial fungering og medverkar til å gjere krevjande dagar litt enklare. Les meir om gruppa "Veksthusets Venner"
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.