Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gate med bygninger og trær

Hagan 9

Solhagen i Kristiansund

Distriktspsykiatrisk senter Kristiansund, poliklinikk er eit distriktspsykiatrisk senter der vi tilbyr utgreiing, behandling og rehabilitering innan eit breitt spekter av psykiske lidingar. Tilbodet er primært for innbyggjarane i Nordmørskommunane Kristiansund, Averøy, Tingvoll, Halsa, Surnadal, Rindal, Aure og Smøla.

Kontakt

Telefon

71217500
  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 08:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Adresse

Hagan 9, Kristiansund

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.