Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

DPS Vegsund er eit av fem distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helsevern. Vi tek imot pasientar som treng utgreiing og behandling av psykiske lidingar og rusproblem. Opptaksområdet er kommunane Giske, Sula, Ålesund indre og Ålesund ytre.

Slik finn du fram

Adresse

Vegsundvegen 68
Åpningstider
  • I dag 16:00 - 21:00
  • Måndag 16:00 - 21:00
  • Tysdag 16:00 - 21:00
  • Onsdag 16:00 - 21:00
  • Torsdag 16:00 - 21:00
  • Fredag 16:00 - 21:00
  • Laurdag 12:00 - 21:00
  • Søndag 12:00 - 21:00

​​Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter til og frå behandling. 

Sjekk dine rettar på helsenorge.no

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
 
Eller etter avtale.
 
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
 
Ta kontakt med personalet når du kjem.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.