Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Akvarell nyfødt baby

Nyfødt intensiv

Nyfødt intensiv behandlar pasientar innan følgande fagområde: premature og fullbårne, sjuke nyfødde. Seksjonen har spesialkompetanse innan nyfødtmedisin med behandling av akutte og kronisk sjuke nyfødde og premature. Det blir lagt vekt på å skape eit godt vekst- og utviklingsmiljø for barna, og dessutan å ivareta heile familien.  Nyfødt intensiv har 13 behandlingsplassar. Fire av desse er høgintensive (internasjonalt: nivå III) med alle typar avansert respiratorbehandling, kjølebehandling (terapeutisk hypotermi) og anna intensivbehandling etter internasjonal standard, tilsvarande det norske regionsjukehus har.

 

Vi tar imot premature barn frå veke 26, sjuke nyfødde og spedborn inntil 3 månaders alder. Primært skal seksjonen dekke Møre og Romsdal, men ved behov behandlar vi og pasientar frå andre fylke, mellom anna frå Sogn og Fjordane. Dei minste pasientane kan ha behov for å ligge fleire månader i seksjonen, mange fullborne treng ofte berre nokre timar med observasjon.

 
Ved seksjonen er det tilsett sjukepleiarar og legar. Dei fleste sjukepleiarane har spesialkompetanse innan nyføddmedisin. Nokre av legane har og spesialutdanning i nyføddmedisin.
 
Alle barn får tildelt kontaktsjukepleiar og fast ansvarleg overlege i løpet av dei første dagane etter innkomst. Overlegen følger opp barnet under heile opphaldet og vidare på poliklinikken. For tidleg fødde barn blir følgde opp i inntil 6 år.
 

Kvifor må barn ligge på Nyfødt intensiv?

  • Barnet er for tidleg fødd
  • Barnet har for lita vekt i forhold til alderen
  • Barnet har pustevansker
  • Barnet har ein infeksjon
  • Barnet har ernæringsproblem
  • Barnet har gulsott
  • Barnet treng overvaking etter ein vanskeleg fødsel
  • Barnet har ein medfødt feil
  • Det kan vere eit behov når mor har diabetes

NIDCAP

Det som er spesielt for nyføddseksjonen i Ålesund, er at vi arbeidar fast etter NIDCAP- prinsippet. Dette inneber at barna vert skjerma mot alle former for stress. Samtidig observerer vi kontinuerleg signal om barna si modning og dermed aukande toleranse overfor utfordringane i stell og behandling.
 
I den utstrekkinga det er mogleg, blir det gjort NIDCAP observasjonar, planar og visittar av dei for tidleg fødde barna med individuelt tilpassa anbefalingar for omsorg og miljø. Fokus for anbefalingane er åtferda til barnet, saman med kvar barnet er i utviklinga, den medisinske tilstanden, og behovet til familien. Etter kvart som barnet utviklar seg og modnast blir anbefalingane endra etter behovet til barnet. NIDCAP er familiesentrert. Målet er å styrke dykk som familie ved å hjelpe med å forstå barnet. Vi vil trygge dykk i omsorga for barnet og at de som familie skal vere ein naturleg del av omsorgsteamet.
 
Miljøet rundt barnet (lys, lyd, lukt, berøring, atmosfære) påverkar korleis barnet har det. Barnet kjem frå eit beskytta miljø inne i livmora og ut til eit miljø med mykje stimuli. Ved å tilpasse omgivnadene individuelt etter toleransen til barnet kan ein minske stress, ubehag og smerte. På den måten kan ein vere med på å støtte utviklinga til barnet og legge til rette for god kontakt mellom foreldre og barn
 
Foreldra er barna/pasientane sine viktigaste omsorgspersonar. Dei blir difor så tidleg som mogleg inkludert i pleie og stell og har tilgang til barna døgnet rundt. Nødvendige undersøkingar, til dømes ultralyd, blir tilpassa barna sin aktuelle tilstand og toleranse heller enn personalet sin tidsplan. Dette gir betra langtidsresultat enn standard pleie.
 

Kenguru, hud-mot-hud

Tidleg hud mot hud kontakt er anbefalt for det nyfødde barnet og foreldra.  Dette er ein fin overgang frå livmora til verda utanfor. De har behov for å kjenne barnet, halde og verne det. Barnet har behov for vere tett inntil og lære dykk og kjenne.  Ein slik kroppskontakt utløyser anti-stress hormon hos barnet og foreldra. Barnet er ofte rolegare og søv djupare når det søv på brystet til foreldra.
 
Hos for tidleg fødde og sjuke nyfødde er kengurumetoden fin for å fremme nevrologisk utvikling, stabilisering og stimulering av hjartefrekvens, respirasjon, oksygenmetning og blodtrykk, lindre smerte, regulere temperatur og stimulere til kroppsleg vekst.
 
Barnet kan, sjølv om det har behov for oksygen, respirator eller CPAP, komme ut av kuvøsa så snart personalet ser det forsvarleg. Vi ønsker at dette blir gjort snarast mogleg etter fødsel.
Eit lite barn som ligg hud mot hud med mor

Illustrasjon: Astrid Bjørneseth

NBO Newborn behavioral Observation

I den grad det er mogleg kan vi tilby observasjon av åtferd hos barnet mot slutten av opphaldet. 
  • Observasjon og samtale om barnets «språk» i dialog med foreldra
  • Kvart barn er heilt unikt og har sin eigen måte å vere på. Samtalen hjelper å forstå det individuelle barnet, og korleis de best kan møte og støtte barnet
  • Gjennom å sjå nøye på bevegelsane til barnet, pust, hudfarge, søvn/våkenhet og responsar kan vi saman lære barnet betre å kjenne

Søvn

På søvnlaboratoriet, ”Polysomnografi”, vert søvnrelaterte problemstillingar undersøkt. Dette gjeld mellom anna søvnvanskar, uregelmessig pusting, snorking, spørsmål om fjerning av mandlar og påfallande rørslemønster under søvn.
 

Heimreise

Heimreisedagen kan for enkelte virke langt unna. Lengda på opphaldet varierer avhengig av tilstanden og modninga til barnet. I løpet av opphaldet skal barnet bli robust nok og de som foreldre skal vere klare til å forlate sjukehuset.
Vi kan tilby NAST (Nyfødd ambulerande sjukepleieteneste) med videokonsultasjonar. Dette er oppfølging heime for premature og sjuke nyfødde barn den siste tida av sjukehusopphaldet. Gjennom eit virtuelt heimesjukehus for barn vil premature og sjuke nyfødde barn kunne reise heim tidleg og framleis vere under oppfølging av sjukehuset via digital kommunikasjon.
 
Før heimreisa vil lege gjere ein utskrivningsundersøkelse av barnet. Lege og sjukepleiar gir informasjon og svarar på spørsmål.
 
I enkelte tilfelle kan barnet bli overført til regionsjukehus dersom den medisinske tilstanden til barnet krev det.

Kontakt

Telefon

Alle dagar.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Nyfødt intensiv finn du ved barne- og ungdomsavdelinga, eit eige bygg på sørsida av Ålesund sjukehus.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.  
 

Mobiltelefon skal vere på lydlaus og desinfiserast før bruk på pasientrommet.

Det er ikkje lov å ta bilete/film av personalet eller andre pasientar utan tillating. 

For å halde kontakt med familie og venner under opphaldet på Nyfødt intensiv kan det vere nyttig å vere på nett. Vi vil likevel oppmode til å minimalisere bruken når du er saman med barnet dittt. Tidleg samspel og tilknyting mellom barn og foreldre er viktig for utviklinga til barnet. Redusert tilgjengelegheit og avbroten kontakt som følgje av skjermbruk kan skape stress hos barnet og forstyrre samspelet. De som foreldre bør vere veldig bevisste på korleis de bruker telefonen. Barna sender korte og svake signal om at dei ønsker kontakt og fangar du ikkje opp desse, mistar du ein del av det gode samspelet med barnet ditt.

Foreldre har rett til all informasjon om sitt barn. Personalet har teieplikt og kan ikkje svare på spørsmål om andre barn. Vi kan heller ikkje svare på telefonar frå familie og venner utan samtykke frå foreldra.

Nokre familiar deler rom, så det er viktig å respektere kvarandre sine behov for privatliv.

Vi ønsker også å informere om at personalet ikkje kan takke ja til venneførespurnader frå foreldre på sosiale medier.

Opplæringsvideoar for foreldre på Nyfødt intensiv

Videoane er eit supplement til opplæringa som blir gitt på sjukeshuset
Sjå videoane her
Nyfødt med sonde

Vil du gi mjølk til mjølkebanken i Ålesund?

Morsmjølk er den beste næringa for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn kan få. Som morsmjølkgivar er du med på å gi sjuke nyfødde ein god start i livet.
Les meir om mjølkebanken
Akvarell hud mot hud