Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og frå andre avdelingar ved sjukehuset.
Betaling
Pasientar betalar eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan ein betale med bankkort eller få med seg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant kan du gjere det i informasjonen ved hovudinngangen til sjukehuset.
Må du endre timeavtalen din så kan du gjere det på Helsenorge.no
Vil du ha din neste konsultasjon på video?
Sjå lenke om videokonsultasjon.
Diverse prøver vi tar ved poliklinikken vår
Gastroskopi
Med gastroskopi undersøkjer ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, til dømes betennelse eller sår.
Kolonoskopi
Med kolonoskopi undersøkjer ein hovudsakleg tjukktarmen. Føremålet med kolonoskopi er å påvise sjukdom i tjukktarmen, til dømes betennelse. Vi kan ta vevsprøvar frå slimhinna, og utføre behandling.
Sjekkliste for henvisning - fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning:
- Sykdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sykdom, inflammatorisk tarmsykdom, gastrointestinal og annen cancer)
- Annen sykdom inklusive autoimmun sykdom
- Symptomsvarighet
- Symptombilde inklusive tilleggssymptomer
- Utredningshistorie som endoskopifunn med prøvesvar (fecal calprotectin? Thyroideaprøver? Cøliakiprøver? Evt. histologisvar)
- Behandlingsforsøk til nå