Pasientar som skal til poliklinisk behandling kan få tilbod om å bo på hotellet dersom dei har lang reiseveg, eller det av andre grunner er behov for overnatting. Ein er då ikkje innlagd ved sjukehuset. Det er derfor viktig å ta med seg medisinar og anna ein treng.
Pårørande kan bo på hotellet om det er ledig kapasitet.
Hotellet er døgnbemanna med sjukepleiar som kan vere til hjelp med råd og informasjon.
Alle våre rom har terasse/veranda, flislagt bad, gratis WiFi, tv og telefon. Vi har også treningstilbod ved hotellet.
Sjå våre rom og fasilitetar
Helse Møre og Romsdal eig og driv hotellet. Det er organisert under Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering.