Sengeposten har 16 senger der 14 er knytt til rehabilitering og to til revmatologi.
Vi jobbar tverrfagleg, og har både sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, nevropsykologer, logopedar, sosionom og arbeidsrådgivar. Kva yrkesgrupper du vil kome i kontakt med under innlegginga er avhengig av utfordringane og måla dine. Det vil vere eit tverrfagleg team som jobbar saman med deg.
Du vil òg få utnemnt ein koordinator som vil arbeide for at du får ein god flyt i rehabiliteringsprosessen og at både du og dine pårørande heile tida får god informasjon omkring rehabiliteringsforløpet.
Tidleg i forløpet har vi målmøte der du i samarbeid med det tverrfaglege teamet utarbeider ein rehabiliteringsplan. Planen skal innehalde måla dine for opphaldet og kva tiltak som blir viktig for å nå dei ulike måla.
Vi har fleire ulike opphald
- Vurderingsopphald
- Rehabiliteringsopphald
- Kontrollopphald
- Gruppeopphald
Vi har følgande tilbod:
Amputasjon av bein
Vi har spesialisert oss på tilpassing og opptrening etter beinamputasjonar og tar i mot pasientar frå heile Møre og Romsdal.
Vi har eit tett samarbeid med ortopedingeniør (TOV).
Rehabilitering - amputasjon av bein (underekstremiteter)
Ambulant rehabiliteringsteam
Når en pasient blir henvist til spesialisert rehabilitering, blir det vurdert om tilbodet skal gis som ambulant teneste. Dette kan innebære vurdering/tilsyn av pasient, rådgiving, rettleiing eller undervisning. Ofte er det aktuelt med ein kombinasjon av fleire typar tenester. For pasienter som har vært innlagt/hatt poliklinisk oppfølging vurderes det også om ein skal gje eit ambulant tilbod. Kommunar kan også ta kontakt ved behov for rådgiving og undervisning på systemnivå.
Erverva hjerneskade
Eksempel på slik skade er traumatisk hjerneskade (TBI), hjerneblødning, hjerneinfarkt, hjerneskade ved anoxi, infeksjon, kreft mm.
Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar med erverva hjerneskade i form av rehabiliteringsopphald eller ambulant oppfølging.
Vi har og gruppebasert meistringskurs for menneske med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade.
Rehabilitering - tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade
Komplekse tilstandar etter langvarig intensivbehandling (Post-intensive care syndrome)
Etter langvarig intensiv behandling kan det vere behov for spesialisert rehabilitering. Vi samarbeidar med aktuelle fagområder ved behov.
Multitraume (samansette, store skadar etter alvorleg ulykke)
Denne pasientgruppa har spesielle utfordringar knytt til behandlingstiltak som krev tett samarbeid med ulike spesialitetar. Liggetida i sjukehus er ofte lang. Vi legg til rette for at samarbeidet med andre spesialitetar som til dømes ortopedisk avdeling kan skje parallellt med opptrening, bearbeiding og meistring.
Nevrologiske og nevromuskulære sjukdommar
Vi tilbyr ulike opphald til pasientar med MS, Parkinson, Cerebral Parese, følgetilstander etter poliomyelitt mm.
Pasient- og pårørandeopplæring
Seinfasetilbod til personar med erverva hjerneskade blir arrangert 1 gong årleg. Pårørande blir invitert til undervisning på kveldstid. I tillegg arrangerer vi kurs for pasientar med nydiagnostisert MS.
Ryggmargskade
Denne pasientgruppa skal i utgangpunktet ha primærrehabilitering ved avd for ryggmargsskade (St.Olavs hospital). I nokre tilfelle blir dette tilbodet gitt ved sengeposten vår, men då i samarbeid med avdeling for ryggmargsskade.
Vi kan òg gi tilbod om vurderingsopphald og rehabiliteringsopphald seinare i forløpet etter ein ryggmargsskade.
Vi har i tillegg eit lavterskeltilbod om det oppstår trykksår i samband med ryggmargsskaden. Ein må då henvisast frå fastlegen sin på vanleg måta, og det vil vera kort ventetid før ein kjem inn til vurdering.
Avdeling for ryggmargsskade (St.Olavs hospital).
Seinfølgjer etter Covid-19
Vi har tilbod til pasientar som har fått seinfølgjer etter å ha blitt smitta av koronavirus. Tilbodet går til både pasientar som har hatt sjukehusinnlegging og dei som har hatt eit mindre alvorleg sjukdomsforløp.
Meir om opphaldet hos oss
Dagsprogram
Du får utdelt timeplan kvar veke. Treningane er både individuelle og i grupper. Vi har friluftsgruppe, temagruppe og dagleg treningsgruppe. Det blir òg sett opp samtale med lege og sosionom. For dei fleste vil trening i daglegdagse aktivitetar vere eit viktig tiltak for å nå måla sine. Både egentrening, og trening i daglegdagse situasjonar er vesentleg for å oppnå varige resultat.
Fasilitetar
Vi har både enkelt- og dobbeltrom. Det er TV på alle pasientrom og i stova.
Det er gymsal og treningskjøkken i underetasjen, i tillegg til treningsrom på sengeposten. Treningsromma er også tilgjengelege for eigentrening på ettermiddag og kveld. Vi legg vekt på å ha utstyr som er mogleg å betene frå rullestol. Dei siste åra har vi fått stadig meir spelteknologi som er morosam trening.
Vi har eigen bil knytt til sengeposten som vi bruker til turar og ærend i området.
Det er òg sett opp fleire treningsapparat utandørs, og laga flott tursti langs Borgundfjorden.
Utandørs treningspark ved sjukehuset