Diagnose
Rehabilitering - amputasjon av bein (underekstremiteter),
Etter amputasjon av bein kan det vere aktuelt med tilpassing av protese og trening i bruk av denne. Ein beinprotese er eit ortopedisk hjelpemiddel som kompenserer for manglande bein/del av bein.
Ein beinamputasjon er eit kirurgisk inngrep der ein fjernar heile, eller ein del av beinet. Amputasjon skjer på ulike nivå: hofte, lår, kne, legg og fot. Det er ulike årsaker til amputasjon. Vanlegast er sjukdom i blodårane i beinet på grunn av åreforkalkning. Amputasjon kan også bli nødvendig ved kreft/svulstar, alvorleg infeksjon, eller på grunn av skade/traume.
Beinamputasjonen vil ofte påverke den fysiske funksjonen din, og tilpassing og trening med protese kan delvis kompensere for dette.
Tilvising og vurdering
Du kan bli tilvist direkte frå avdelinga som utfører amputasjonen, og dersom alt ligg til rette for det kan du bli direkte overflytta til rehabiliteringssengeposten. Det kan også bli bestemt at du kjem til ei poliklinisk tverrfagleg vurdering etter utskriving.
Fastlegen din, eller kirurgen, kan også seinare tilvise deg til tverrfagleg vurdering for protesetilpassing og trening.
Utgreiing
Vi gjer ei tverrfagleg vurdering på om du kan ha nytte av ein beinprotese. Vi tek då utgangspunkt i amputasjonsnivå og forholda kring amputasjonsstumpen og det gjenverande beinet, kva funksjon du har no og hadde før amputasjonen, i tillegg til den generelle helsetilstanden din. I lag med deg ser vi på moglegheiter og avgrensingar du har ved bruk av beinprotese.
Dersom konklusjonen er at du skal innleggast til protesetilpasning og trening, får du informasjon om vidare forløp.
Behandling
Du blir innlagt i rehabiliteringsavdelinga på sjukehuset, der du møter eit tverrfagleg team.
Rehabiliteringstilbodet blir tilpassa individuelt, etter ei tverrfagleg vurdering. Fokuset er tilpassing av protese og trening i aktivitetar frå dagleglivet med og utan protese. Vi tar ei vurdering av fantomsmerter og stumpsmerter. Teamet gir deg rettleiing og råd kring arbeid og utdanning, hjelpemiddel, tilpasning av heimen din, i tillegg til rettane du har til trygd. Vi tek kontakt med heimkommunen din om det er nødvendig, og du får informasjon om pasientforeningane for amputerte.
Målet er at du blir mest mogleg sjølvhjelpt i daglege aktivitetar i heimen, på arbeid og i fritida.
Oppfølging
Vi sender ein rapport frå rehabiliteringsopphaldet til fastlegen din og eventuelle andre samarbeidspartnarar.
Ved utskriving avtalar vi vidare kontrollopplegg på sjukehuset, og oppfølging lokalt.
Fastlege kan også tilvise til vurdering utanom planlagt kontrollopplegg dersom det kjem til proteserelaterte problemstillingar. Du blir då kalla inn til ei poliklinisk vurdering, eventuelt ei kort sjukehusinnlegging om problemet er meir omfattande.
Hos oss får du tilbod om ein tverrfagleg poliklinisk kontroll 3 månader og 12 månader etter utskriving, der du treff lege, fysioterapeut og ortopediingeniør. Du vil også få eigne avtalar hos ortopediingeniør for tekniske justeringar ved behov.
Kontakt
Ålesund sjukehus
Fysikalsk medisin og rehabilitering sengepost
Oppmøtestad
Vi held til i 3. etg i lågblokka.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5