Dagens kreftbehandling er avansert og individuelt tilpassa pasienten. All behandling blir vurdert ut frå type diagnose, alder, allmenntilstand og diagnoseutbreiing.
Vi tilbyr forundersøking dagen før planlagt behandling. Denne forundersøkinga inkluderer blodprøvar og samtale med sjukepleiar. Når pasienten kjem til behandling dagen etter, er kuren ferdig blanda og klar frå apoteket. Dette gir mindre venting for pasienten, da behandlinga kan starte når pasienten kjem.
Ved lang reiseveg er det mogleg å ta blodprøver på fastlegekontoret, og deretter ha forundersøking som video- eller telefonkonsultasjon med sjukepleiar. Dette gir mindre reising for pasienten.
Ved kreftpoliklinikken har vi fleire behandlingsrom og eit eige rom for samtale med sjukepleiar.
Palliativ plan
Det å ha ein palliativ plan kan vere med på skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.
Les om kva pasientar og pårørande synest om palliativ plan
Kreftkoordinator
Ein kreftkoordinator i kommunen skal ha oversikt over kva som finst av tilbod og moglegheiter der du bur.
Her ser du kva kommunar som har kreftkoordinator (kreftforeningen.no)
Pakkeforløp og forløpskoordinator
Kreftpoliklinikken i Ålesund har ansvaret for følgande forløp:
- Testikkelkreft
- Hjernekreft
- Sarkom
- Skjoldbruskkjertelkreft
- Nevroendokrine svulstar
- Metastaser med ukjent utgangspunkt
- Diagnostisk forløp
Ved spørmål om desse forløpa, ring
70 10 69 15 , som kan vise til vår forløpskoordinator.Kliniske studiar
Du kan få spørsmål om å delta i ein klinisk studie. Kreftpoliklinikken deltek i fleire kliniske studiar og har tilsett studiesjukepleiar hos oss.
Kva er klinsik studiar?