Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreftpoliklinikken Volda

På kreftpoliklinikken tilbyr vi behandling til pasientar som skal ha cellegift, immunterapi eller anna type medikamentell kreftbehandling. Type behandling varierer frå diagnose til diagnose. Det varierer også kor lang tid behandlinga tek, nokre behandlingar går over ein dag, andre over fleire dagar.

Dagens kreftbehandling er avansert og individuelt tilpassa pasienten. All behandling blir vurdert ut frå type diagnose, alder, allmenntilstand og diagnoseutbreiing.

Vi tilbyr forundersøking dagen før planlagt behandling. Denne forundersøkinga inkluderer blodprøvar og samtale med sjukepleiar. Når pasienten kjem til behandling dagen etter, er kuren ferdig blanda og klar frå apoteket. Dette gir mindre venting for pasienten, da behandlinga kan starte når pasienten kjem.

Ved lang reiseveg er det mogleg å ta blodprøver på fastlegekontoret, og deretter ha forundersøking som video- eller telefonkonsultasjon med sjukepleiar. Dette gir mindre reising for pasienten.

Ved kreftpoliklinikken har vi fleire behandlingsrom og eit eige rom for samtale med sjukepleiar.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kreftpoliklinikken finn du i 4. etasje.

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Kurs og møter

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft.
Les meir på helsenorge.no
Lege og pasient