Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Brystkreft - Hybridkurs

For pasientar med brystkreft og deira pårørande

Tid og stad

Når

Nytt kurs kvar månad, utan juli og august.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Du kan følge kurset digitalt eller frå biblioteket på Kreftavdelinga i Ålesund

Kvar

Ålesund sjukehus
Digitalt eller oppmøte på bilioteket ved Kreftavdelinga i Ålesund

Alle pasientar som blir behandla for brystkreft i Møre og Romsdal blir tilvist brystkreftskulen (ved Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus) automatisk. Om du ikkje har fått invitasjon til kurs kan du kontakte arrangør/kontaktperson.

Tilvising

Alle pasientar som blir behandla for brystkreft i Møre og Romsdal blir tilvist brystkreftskulen automatisk. Om du ikkje har fått invitasjon til kurs kan du kontakte arrangør. Du kan følge kurset digitalt eller frå biblioteket på Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. Nytt kurs kvar månad, utan juli og august. Les meir om digitalt deltaking og personvern her.

Kvifor delta på kurs

Kurset gir deg ei grundig innføring i kva vurderingar som ligg til grunn for valet av det behandlingstilbodet du får for din kreftsjukdom, korleis behandlinga blir gjennomført og kva du sjølv kan gjere for å ha best mogeleg helse undervegs i forlaupet. Innhaldet i undervisninga er retta mot pasientar med brystkreft. Kurset er relevant som førebuing før start av behandlinga, men også for dei som har fullført si behandling. Undervisninga er tverrfagleg.

Innhald

  • Kva for ei behandling skal eg ha? Kven skal ha tilleggsbehandling
  • Biverknadar
  • Kjemoterapi/Cellegift
  • Fysisk aktivitet 
  • Stråleterapi 
  • Ernæring
  • Rettar

Praktiske opplysningar

Betalingsparkering på tilviste plassar ved sjukehuset. Du får dekt reise etter Pasientreiser ANS sine takstar. Treng du anna transport, ta kontakt med fastlegen din.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

Kontakt

Relevante behandlingar