Palliativ (lindrande) behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.
Vi gir og råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytt til kreftpasientar og pasientar med ALS som blir utskrivne frå sjukehus. Palliativt team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg.
Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.