Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en persons hender

Palliativt team Volda

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, prest, legar og sjukepleiarar med spesiell kompetanse innan anestesi, onkologi og palliasjon. Vi samarbeider også med ernæringsfysiolog på huset.  Vi gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av, innan diagnosane kreft og ALS. Vi ønsker at pasient og pårørande skal oppleve best mogleg livskvalitet.

Palliativ (lindrande) behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.
Vi gir og råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytt til kreftpasientar og pasientar med ALS som blir utskrivne frå sjukehus. Palliativt team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg. 
Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.  

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Palliativt team finn du i plan 0.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Palliativ plan

Det å ha ein palliativ plan kan vere med å skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.
Les meir om kva andre pasientar og pårørande synest om palliativ plan
Ei hand å halde i

Kva er palliativ plan?

Palliativ plan er eit tilbod til pasientar som har ein livstruande sjukdom som ikkje kan kurerast.
Les meir og sjå video om palliativ plan
En mann som snakker med en kvinne