Ute-Pusterommet ved Ålesund sjukehus
Ute-Pusterommet er ein utandørs treningspark for alle, og ikkje minst for kreftpasientar som får tilbod om tilpassa fysisk aktivitet under og etter behandling.
Med Ute-Pusterommet er det lagt til rette for varierte og kjekke treningsøkter utandørs. Den synleggjer trening og styrkar treningsmoglegheitene til pasientar, pårørande og folk i lokalmiljøet.
Treningsparken er open for alle - du finn den like nedom Åse hotell (Åsehaugen 7)
Velkomen innom!

Ute-Pusterommet har eit mjukt dekke og treningapparat til ei variert og effektiv treningsøkt.
Relaterte sider
Sist oppdatert 02.05.2023