Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Strålande opning av UTE-PUSTEROMMET
Med ein solid heiagjeng i ryggen og sterke drivkrefter lokalt vart Ute-Pusterommet endeleg ein realitet ved Ålesund sjukehus.
Publisert 08.06.2021
Sist oppdatert 20.02.2024
Ute-Pusterommet er ein utandørs treningspark for alle, og ikkje minst for kreftpasientar som får tilbod om tilpassa fysisk aktivitet under og etter behandling. Måndag vart den offisielt opna med snorklipping, talar, inviterte gjestar og – trening sjølvsagt.
– For pasientane gir trening – og spesielt utetrening, ein meistringsfølelse, glede, betra psykisk helse og auka livskvalitet, fortel Marthe som brukar dei fleste høve til å spreie den gode energien.
– Når det tikkar inn ein e-post frå Marthe, er den sjeldan utan ein trenings-challenge på slutten. Då er det berre å hoppe opp frå kontorstolen og ta dei 15 repetisjonane ein får instruks om, fortel klinikksjef Jorun Bøyum i sin gratulasjonstale. Ho er imponert over innsatsen som er lagt ned, og er trygg på at denne parken skal dei drive i lag i eit godt samarbeid mellom legane som tilviser til fysisk aktivitet i pusteromma.
Bilde frå opninga
Bilde 1/8
Klinikksjef Jorun Bøyum gjer seg klar til å avduke skiltet til den nye treningsparken.
UTE-PUSTEROMMET er offisielt opna.
Kreftsjukepleiar Ingunn Erstad med ein liten give-away for å minne om Aktiv mot kreft
Adm.dir Øyvind Bakke med gratulasjonstale under opninga av Ute-Pusterommet.
Primus motor Marthe Li, May Britt Nakken, Ingunn Erstad og seksjonsleiar Liv Bodil Angvik Ipsen
Gartnar Monica Bente Gjerde har gjort ein skikkeleg jobb for å få treningsparken til å felle godt inn.
Tusen takk til Sparebank1, Sparebanken Møre og gåvefondet til Kreftavdelinga som har bidrege i finasieringa av Ute-Pusterommet.
Grøntområde rundt treningsparken, som også blir brukt til trening
Bilde frå opninga
Bilde 1/8
Bildegalleri fullskjermvisning