Klinikk for psykisk helse og rus

Tidleg og rask hjelp er eit godt utgangspunkt for å gjenvinne oversikt og kontroll over livet!
Klinikken har ansvaret for psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit (TSB) og spesialisert habilteringstjeneste for vaksne innan Helse Møre og Romsdal. Behandlingstilbodet blir gitt ved våre distriktspsykiatriske senter(DPS), rusinstitusjonar og dei fire sjukehusa.
Poliklinisk konsultasjon er den vanlegaste behandlinga, både innanfor psykisk helsevern, TSB og habilitering, men nokre gonger er innlegging nødvendig. Det finst også dagbehandling og ambulant (oppsøkjande) behandling.

Telefonnummer til forløpskoordinator pakkeforløp finn du på sida til den enkelte seksjon.

Les meir om Klinikk for psykisk helse og rus

Klinikk for psykisk helse og rus

Psykisk helsevern for vaksne

Psykiatri tyder: "Læra om psykiske sjukdommar og behandlinga av dei". Vi behandlar alle typar psykiske sjukdommar som for eksempel angstproblem, stemningslidingar, psykosar, personlegdomsforstyrringar, posttraumatiske stresslidingar, spiseforstyrringar, alderspsykiatriske lidingar, rusproblem, speleavhengigheit, krisereaksjonar og tilpassingsproblem. Normalt er den nedre aldersgrensa for behandling hos oss 18 år. Tenestene er organisert i fire avdelingar, fordelt fleire stadar i fylket, ved våre distriktspsykiatriske senter (DPS) og dei fire sjukehusa.


Rusbehandling (TSB) for vaksne

Avdeling for TSB skal yte tenester for innbyggjarar i Møre og Romsdal som slit med rus- eller andre avhengigheitsproblem.
Vi er opptatt av at tilbodet vårt skal vere best mogeleg. Difor satsar vi også mykje på forsking og utvikling, og jamlege brukarundersøkingar er ein del av dette. Det er ein viktig kvalitetsindikator for oss at pasientane våre er nøgde med det tilbodet dei får.
Avdelingen er geografisk fordelt på to behandlingsstadar; Molde behandlingssenter og Ålesund behandlingssenter.


Habiliteringsteneste for vaksne

Tilbyr helsetenester til menneske over 18 år med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom og kognitiv svikt, som har behov for tverrfagleg habiliteringstenester på spesialistnivå. Tenesten erfordelt på to behandlinsstadar; Ålesund Sjukehus og Brunvollsenteret i Molde.

Kontakt

Telefon
71120000 / 70105000
måndag - fredag 0800-1600
Sentralbord Nordmøre og Romsdal/Sunnmøre og gjeld kontakt med klinikkleiinga. Ta elles kontakt med dei ulike seksjonane.
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Administrasjon, klinikk for psykisk helsevern
Postboks 1600
6026 Ålesund

Besøksadresser og praktisk informasjon
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.