HELSENORGE

Mange deltok på leiarwebinar i Barn og unges helseteneste

23. november 2022 vart det arrangert eit vellukka leiarwebinar i satsinga Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. 180 personar deltok frå alle kommunar i fylket og BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) i Helse Møre og Romsdal. 

Bilde av ungdomar

Målsetjinga med webinaret var å gjere satsinga kjent for leiarar og utfordre dei til å seie noko om korleis dei kan leggje forholda til rette slik at vi når målsettinga om ei meir samanhengjande teneste for barn og unge, for å sikre at dei får rett hjelp på rett stad til rett tid. 

Mange ulike tema

På webinaret fikk ein mellom anna høyre kva ein sammenhengande teneste betyr for brukarane, kommunedirektør Per Sverre Ersvik frå Hustadvika fortalte frå kommunene, erfaringer frå Helse Fonna som har laga 7 samhandlingsforløp rundt dei vanlegste psykisk helseutfordringar hjå barn og unge som ein skal implementere her i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren såg på samanhengen mellom barnevernsreformen og Betre tverrfagleg innsats (BTI/BTS) og Barn og unges helseteneste. Vidare informasjon om nasjonale føringer samt tema rundt samhandling og lønnsemd.

Noko av det viktigaste å trekke fram frå webinaret er at brukarane må få tidlegst mogleg hjelp og konsekvensar viss dei ikkje får det, i følgje brukarrepresentant Lasse Honningsvåg. I tillegg til at nokon må ta ansvar for å koordinare hjelpa rundt borna/ungdommane.

Vidare i satsinga skal ein implementere samhandlingsforløpa i praksis og konkretisere tiltak for å tydeliggjere roller og ansvarsområder til dei som arbeider med dette for unngå at born og unge vert kasteballar mellom tenestene.

Her kan du sjå opptak av webinaret
 

Noko ein skal arbeide vidare med i satsinga

  • Sikre god informasjonsflyt mellom tenestane
  • Sikre kompetansedeling og veiledning mellom tenestene
Toril Kvisvik som er prosjektkoordinator for satsinga Barn og unges helseteneste ser fram til det vidare arbeidet i samarbeid med alle kommunar og BUP i Møre og Romsdal.