Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og unges helseteneste

Nyttig samarbeid rundt barn og unge og psykisk helse i Møre og Romsdal

Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal ferdigstiller no verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom og desse skal implementerast i løpet av året. Les meir om forløpa og kom gjerne med dine innspel.

Publisert 13.06.2023
Illustrasjon Barn og unges helseteneste

Barn og unges helseteneste

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal. Det blei jobba med ei kartlegging opp mot forløp som Helse Fonna hadde utarbeida for å sjå om «kart og terreng» stemde hos oss. Desse forløpa er blitt revidert mellom anna etter innspel frå Møre og Romsdal og nye nasjonale føringar.

I løpet av 2023 skal vi implementere og bruke forløpa i tenestene rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar. Vi tilstreber allereie no å jobbe etter forløpa, sjølv om ikkje alt er på plass og det kan vere lokale forskjellar. Målet er felles; å ha ein samanhengede teneste rundt barn og ungdom med psykiske helseutfordringar.

Verktøyet er først og fremst laga for at fagfolk skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp. 

Les meir om samhandlingsforløpa og barn og unges helseteneste her

Høyringsrunde for dei sju samhandlingsforl​​øpa​​

Kommunane i fylket og Helse Møre og Romsdal jobbar for å ferdigstille verktøyet for dei sju samhandlingsforløpa innan dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og ungdom. Desse er no til høyring med høyringsfrist 25. september 2023. Send dine høyringsinnspel på e-post til toril.kvisvik@helse-mr.no 
​​

Barn og unges helseteneste

Satsinga barn og unges helseteneste består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.
Les meir om barn og unges helseteneste
Illustrasjon Barn og unges helseteneste