Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

BUP poliklinikk Volda

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og ungdom frå 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomføre undersøkingar, gi behandling og råd/vegleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbodet som blir gitt.

Vår seksjon dekkjer i hovudsak følgjande kommunar i regionen: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Fritt sjukehusval åpnar for tilvisingar også frå andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det helskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

Seksjonsleiar: Kari Standal 

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til.  Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin. Det kan være fordi ein er svært lei seg, har sterk uro i kroppen eller har vanskeleg for å konsentrere seg.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta, lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at dykk gir oss lov til det. Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Barn og unges helseteneste
Gjenom satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal skal brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten samarbeide om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge innanfor psykisk helse.
Les meir om barn og unges helseteneste

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag: Kl 08.00 - 14.30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

BUP Volda

Postboks 1600

6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kløvertunvegen 1, Volda
Rett overfor Volda sjukehus.

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
  1. Hovudinngang
  2. Akuttmottak
  3. Volda DPS
  4. BUP
  • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
  • Oransje markering: Parkering for HC
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
  • Lilla: Ladestasjon
  • P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du har frikort eller er fritatt for eigendel.

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.